Umsetning av 1 Kong. Kap. 17-19.


(Del 1 av 3.) 
 
Kap. 17.

Daa sagde Elia Tisbing, som var ein av innflutningarne i Gilead, til Akab: So visst som Herren, Israels Gud liver og eg stend fram fyre Andlitet hans: det skal inkje verta Dogg elder Regn aa dessom Aarom utan etter mitt Ord. Og Herrens Ord kom til honom og sagde: Far hedan og vend deg mot Aust og løyn deg att-ved Bekken Krit, som er austanfyre Jordan (tvert-imot Stor-elvi). Og so skal verta: Or Bekken skal du drikka og Ramnarne hever eg bodet aa føda deg der. Og so for han og gjorde etter Herrens Ord, og han for og var hjaa Bekken Krit, som er austanfyre Jordan. Og Ramnarne førde honom Braud og Kjøt aa Morgonen og Braud og Kjøt aa Kvelden og or Bekken drakk han. Og so bar til etter nokre dagar, at Bekken tornade, di at inkje var det Regn i Landet. Og daa kom Herrens Ord til honom og mælte: Ris, far til Sarepta, som ligg til Sidon, og ver der; sjaa eg hever bodet ei Ekkja der aa fostra deg. Og so reis han og for til Sarepta. Og han gjekk inn um Borgarledet, og saag der ei Ekkja, som sankade Spøner, og han ropade til henne og sagde: Gjer so væl og tak nokot litet Vatn aat meg i Skaali, og so fær eg drikka. Og so for ho til aa taka det, og han ropad etter henne og sagde: Gjer so væl og tak ein Bite Braud aat meg i Haandi di. Og ho sagde: So visst som Herren, din Gud, liver, _ bid det inkje hjaa meg Braudmolen, annat ein neve Mjøl i Kjeret og nokot litet Olja i Kruset, og sjaa her sankar eg tvo tri Spøner, og gjeng so inn og reider det til meg og Son min og so eta med det og so faa me døya. Og daa sagde Elia til henne: Inkje ver rædd! Gakk inn! gjer etter ditt Ord; berre reid meg ei liti Kaka av di fyrst og før henne ut til meg; og til deg og Son din kann du reida di næst (sidan). Di at so segjer Herren, Israels Gud: Mjøl-kjeraldet skal inkje vera tømt og Olje-kruset skal inkje skorta, alt til den Dagen, daa Herren gjev Regn yver Jordi. Og ho for og gjorde etter Elia Ord, og dei aato han og ho og Huset hennar, langa Tider. Mjøl-kjeret var inkje tømt og Olje-kruset skortade inkje, etter Herrens Ord, som han talade ved Elias Munn. Og so bar til etter desse Tilgongjer, daa vart Son til Kona, som aatte Huset, sjuk, og Sotti hans var hardla tung, til dess det inkje var leivd i honom Ande. Daa sagde ho til Elia: Kvat heve eg med deg, Guds-mannen; du kom inn til meg til aa minna meg paa Syndi mi og drepa Son min. Og so sagde han til henne: Send meg Son din. Og so tok han honom or Fangjet hennar og bar upp aa Loftet, der han budde, og lagde honom paa Sengi si. Og so ropade han til Herren og sagde: Herre, min Gud, so du hever faret illa med denne Ekkja, og som eg er Gjest hjaa, og drepet Son hennar! Og so lagde han seg fram yver Barnet tri Gongjer og ropade til Herren og sagde: Herre, Gud min, giv at Anden aat detta Barnet maa vende atte i Brjostet hans, og han livde. Og so tok Elia Guten og førde ned av Loftet i Stova og sende honom til Moder hans; og Elia sagde:Sjaa, Son din lever. Og daa sagde Kona til Elia: Ja no veit eg at du er ein Guds Mann og at Herrens Ord i Munn din er Sanning.