Til Alf Baartveit - Aukra.


I nr. 24 av Fedraheimen byd De Dykk til aa vilja rettleida dei av Læraranne i Romsdals Amt, som maatte ynskja det, i Landsmaal og 
Gamallnorsk. Eg skyndar meg med aa segja Dykk stor Tak fyr det. Vegen til dei andre Norskskularne er lang og kostsam fyr oss og derfor hev eg gaatt og tenkt, at eg i Fedrah. vilde spyrja, um der inkje her i Amtet kunde vera nokon, som kunde og vilde hjelpa oss litevetta, so me slapp aa reisa so lang Veg. Det lagast godt, og det er væl. Berre mange av Romsdals Amts Lærarar vilde nytta dette glupe Tilhøvet til so billigt aa kunne faa læra aa bruka sitt Morsmaal. Det vil eg ynskja.

Det er meire en vælgjort, at me skal faa so stort Gode fritt, men so skynar eg ogso, at det er best so. Daa kann inkje Pengespursmaalet skræma nokon fraa aa taka mot det, som bydst.

Eg trur, at det er for tidlegt aa begynda 24de August, daa mange av Læraranne paa Bygdom hev Slaattearbeide, som dei held paa med ved det Leitet. Siste halvdel av September vilde kanskje vera høvelegare. Men den Skilnaden hev lite aa segja.

29 _3 _85.
Med Takksemd og Vyrdnad
Ein Lærar i Romsdals Amt .