Tidender.

 
Kristiania, den 7de April.
 
Prins Carl ligg sjuk i Konstantinopel. Kongen og Dronningi er reiste for aa sjaa til honom.
Kronprinsen skal styra land og Rike medan far hans er burte.


Sakkunna i Danmark . Dei heldt eit Møte i Kjøbenhavn, og der var det Ordskifte um Forsvarssaki. Dinesen, ein Kaptein hev voret, reiv hardt ned paa Planen, Styringi tenkjer paa aa gaa etter med Ordningi av Landsens Forsvar. Han las og upp Privatbrev fraa mange Offiserar, der det helder inkje vart teket paa Styringi med Silkehanskar. Dinesen sagde, at desse Offiserarne inkje vaagar aa segja si Meining offentleg, daa dei er redde, dei skal verta avsette; paa slik Maate fekk Styringi sagkyndige Udtalelser, naar ho vilde. Høgre vart rasande for det, som Dinesen sagde; men Soga um Pastor Jensen tyder paa, at han hadde Rett.

 
Frankrike. Tinget vilde inkje gjeva dei 200 Millionarne, som Styringi kravde til Krigen i Kina, med mindre Styringi søkte um Avskil, daa det hadde ingi Tru paa, at ho dugde til aa varetaka Landsens Tarv i Kina. Ministeriet søkte straks um Avskil.

 
Fabrikkeigar Oluf Onsum hev sagt upp 140 av Arbeidaranne sine. Orsaki skal vera: I 1860
skipad arbeidaranne ved Kværner Bruk ein Sjukekasse. Til denne lagde Arbeidaranne 80 øre med det sama dei skreiv seg inn og sidan 20 Øre for kvar Vika. Arbeidarar, som var flutte fraa Bruket kunde framleides faa vera Medlem av Kassa mot aa betala som dei andre. Vart nokon av Medlemarne sjuk, fekk han 80 Øre Dagen og fri Doktar i 8 dagar. Daa dette er nokot litet, hev Kassa vakset so godt, at ho no eig 12000 Krunur. Lovarne segjer, at Pengarne skal staa i ein Bank, men likevæl tok Onsum seg Rett til aa laana Pengarne burt til Privatmenn (truleg seg sjølv) mot Pant i Bygardar. Han braut og dei vedtekne Lovarne paa andre Maatar. No 24de Marts vart Arbeidaranne samde um, at sjuke Medlemer skulde hava større Hjelp av Kassa um Vika. Dette vilde inkje Onsum gaa med paa, og daa Arbeidaranne kravde Kassa attende vart han sint og sagde upp 140 av dei.

Saki er no for retten og me fær vona, at Onsum fær sin rettferdige Dom baade der og i Folks Umdøme.

 
Kollsigling. Lensmann i Hamarøy, Daa, og Son hans kollsiglde paa Sørfjorden no nyleg. 
Dei kom burt baade.


Ei Utlandsferd . Vardøposten skriv: Tvo Menn fraa Kavringen var i Vardøy i Smaabaat nyst fyrr Jol og skulde kjøpa til Helgi. Bland annan kjøpte dei og ein Brennevinsdunk, som dei smakad duglegt paa. Veslejol-eftan skulde dei reisa heim; men Dagen etter vart det upplyst, at dei inkje var komne til Kavringen, og Folke trudde, dei var burtkomne. No vert det likevæl sagt, at dei skal vera komne til Zipnavalok i Russland. Daa dei reiste fraa Vardøy hadde dei voret so fulle, at dei sette Styrbordshalsarne istadenfor Bakbordshalsarne og heldt ut Reinøysund og so vidare til Russland. Dei viste inkje sjølve, at dei hadde teket ei gali Leid, fyrr dei kom inn under Zipnavalok.

 
Sunnmørsfisket skal gjeva litet av seg iaar.

 
Avhaldssaki i Sveits . Sveits hev 2 ½ Million Menneskje og dei drikk upp inkje mindre enn 27 Millionar Liter Brennevin. Dette er skrek-kjeleg mykje, og Fylgjerne syner seg dessværre altfor mykje. Ætterne veiknad og det vert for kvart Aar fleire og fleire, som inkje duger til Krigstenesta. Mange gode Menn og Kvinnur hev no teket til aa arbeida mot Drykken. Det vert skipat Avhaldssamlag, Lovarne um Brennevinssalget skjerpte, og Brennevinsskatten er aukad; Pengar er og gjevne til aa fremja Avhaldssaki.


Fleire tyske Offiserar er fengslade no i det siste. Dei er misstenkte for aa hava selt Tekningar av Festningar og annat som høyrer til Krigsgreidurene til Rusland.

 
Kjerleiken er mangeslags . Mange av dei, som reiser fraa Evropa til Amerika hev Hug til aa hava seg ei Kjering fraa Heimlandet sitt. Og det er rimelegt. Men Vegen er dessverre skrøpeleg lang, so det vert inkje som naar dei var heime og kunde taka paa seg Kisteklædi sine og vera framme um eit litet Bil. Men ei Kjering er ein god Ting, og Kararne der vest hev funnet Raad for Uraad. Dei set Lysingar inn i Bladi i det Landet dei er ifraa og fortel um all Herlegdomen dei hev aa raada yver, og so spør dei daa um det er nokor Kvinna, som vil dela med dei. Dei giftelystne Gjenturne sender daa Portrættet sitt til Friaren; han vel daa ut det han likar best, skriv til Gjenta og bed henne koma. Møtestaden er jamnaste New-York, mest kvart Postdampskip hev ein Flokk Bruder med yver Havet og inkje fyrr hev det lagt til Bryggja i New-york, fyrr Friaranne kjem umbord, ser paa Portrættet, ser paa Gjenturne, ropar paa Namnet hennar og finn henne endeleg. Mange er glade i Møtet; men det er helder inkje nokot Sjeldyn at anten den eine elder andre av Partarne set upp eit Grin istaden for at smila til Kjerasten sin.


Stor Kanon . 1 Paris held dei no paa aa støypa ein Kanon, som er 40 Fot lang. Kula kjem til aa vega 950 Kilogram og Skotvidda paa Lag 2 Mil.


Dag, No. 6 er udkomet. Innhaldet er: Kjersti og Bergekongen. _ Skyttarsaki. _ Fraa Namdals Folkehøgskule. _ Fraa Vefsen. _ Tidender.


Utvandringi. American-Lina sitt Post-dampskip Lord Clive kom fram til Philadelphia den 30te Marts. Han hadde med Passagerar, som reiste fraa Kristiania den 13de Marts. _ Alt væl.