Thord Folesson.


(Vestlandsk Maalføre).


Dei sto paa Stiklesta,
fylka te Stri,
dan gamla aa so
dan nya Ti,
da, so hadde vore,
mot da, so skulde vetta,
da, so skulde stiga,
mot da, so skulde detta.

So drog dei Sværi
i samma Stund,
dan bjarte Kong Olaf
aa dan graa Thore Hund.
Aa Hærrope dunde.
so Jori ho dirra,
aa Spjoti dei suste,
aa Pilanne svirra.

Men so æ da sagt,
at ein gasta Kar,
Thord Folesson, Merke
hans Olaf bar.
Aa dennen Thord Merkesmann
skulja me minnast,
so lengje i Norge
Merkesmenn finnast.

Daa Thord han kjende,
han Banasaar fekk,
dar fram i Strien
mæ Merke han gjekk,
daa støyrde han Stongi
so hardt han kunde,
i Bakken ne,
før han seig innunde.

Aa gamla Saga
ho melde so,
at Thord han stupa,
men Merke da sto.
Aa so maa endaane
Karen gjera,
ska Framgongs-Merke
i Norge han bæra.

Mannen kann siga,
men Merke da maa
i Norge si Jor,
som paa Stiklesta, staa.

Aa da æ da stora,
aa da æ da glupa,
at Merke kann standa,
um Bæraren stupa.

 
P. Sivle .