Korleis Sildi fer.


Engelskmennerne hev gjort store Granskningar og Ettersøkingar til aa finna Greide paa korleis det hev seg med Sildi, at ho kann vera reint burte paa mange Stader, der det hev voret stort Fiske i gomol Tid. Fyrr var det trutt, at Sildi til jamnan heldt seg langt nordi dei kalde Havi og so sette ho sudigjenom til der som 
Vatnet var varmare, naar ho vilde tida. Og det var daa ein raakad i Fiskestimen og kunde gjera Fiskje. No meiner dei, at dei hev fenget Vissmuner um, at dette ikke hev seg so, men at Sildi held seg meir roleg. Dei trur no, at Djupsjøsildi jamnast held seg paa lange Bankar og ikkje vaagar seg paa Djupet noko større, der ho ikkje kann finna høveleg Næring, og so samlar ho seg og fylgjer ho Bankarne burtetter, naar ho vil fram og tida. Gjeng ein ut ifraa, at ho er so smaafarande, so kann ein ogso lettare skyna, kva det kjem seg av, at Sildefiskjet er so ujamnt, soleis at naar det hev voret Storfiskje ein Stad, so kann det vara lenge; fyr dei kann faa nokor Fengd att.

Dei hev mælt kor varm Vatnet var paa fleire Stader i Nordsjøen, der det er Sildefiskje, og dei fann ut, at Sildi vilde tida, der det var + 9 Gr. R. Var det varmare, so vilde ikkje Stimen gjeva seg til, men strauk lenger. Soleis er ho tidlegare framme noko lenger norpaa, der Golfstraumen vermer upp Sjøen enn lenger sudpaa. Og soleis skulde det daa ogso koma an paa Ver og Varme, kva Tid ho er framme paa dei ymse Stader. Det hender stundom, at dei kann finna Sildestimarne standande paa same Flekken i mange Dagar. 
Daa meiner dei det er for aa venta paa, at Vatnet skal verta varmt nok.

No er det nok so, at naar Sildestimen kjem, so gjeldst det berre aa faa Tak i so mykje som mogelegt med ein Gong, for di dei trur det kann vera uvist, um dei kann faa eit slikt Innsig ein annan Gong. Men hev det seg so, at ho ikkje gjer so lange Reisur, anna held seg paa Nærgrensurne, daa vilde Folk laga seg so, at dei ikkje tynte henne burt for hardt med ein Gong, so det ikkje vart noko Al til sidan. For no kann det henda stundom, at dei kann taka upp so store Mugur, at dei fær ikkje selt alt, men maa bruka Sildi til Tad.

Hev det seg so, som her er sagt um Varmegraden, so vilde og Folk hava lettare for aa finna, kor Sildevoni var, dei fekk daa hava Gradstokk og mæla Vatnet og so halda der som Vermen var høveleg.