Fraa Namdals Folkehøgskule.

 
Namdals Folkehøgskule byrjade i Oktober paa Garden Hylla. Me var i dei fyrste Vikor og ei Stund fyre Jol umkring 30 Gutar; men etter Joli hava me ikkje voret fullt so mange. Læreemni er her som paa dei fleste Høgskular, endaa me vistnog hava meir enn vanleg Undervisning i Landsmaal. Soleis hava me ein Landsmaalsdiktat i kvar Vika, og i Grammatik bruka me, ved Sida av Hofgaards Grammatik, Hægstads Maallæra, og daa Hægstad sjølv er ein ivrig Maalmann og snakkar myket Landsmaal, hava me rikt Aaføre til aa hyøra og henta Kjennskap til Landsmaal. Alle hava Hug paa aa læra det og, daa me tykkja, at det er langt meir klingande og sterkt enn det no brukelege Bokmaal, likasom me og vita, at me er ikkje fullt ut Nordmenner, fyrr me snakka og skriva det norske Maal. Nokot av det me hava stor Hug paa er Stilskrivingi, Me skriva Stilar etter Uppgaavor, og av slike hava me havt: Ein Lauseld, Ein Jolakveld, Ein Sumardag paa Landet, Orsakerna til Norigs Nedgang i Millomalderen osv. Etterkvart, som me gaa fram i Kjennskapen til Landsmaalet, vert fleire og fleire Stilar skrivne paa Landsmaal, og i fyrste Taket kann det stundom henda, at der i Stilboki vert mange Krossar og svarte Strik; men fyr det vil me ikkje lata oss skræma, me vona alle, at me snart faa Tak i det. I Mime, Høgskulens Samtalelag, hava me Møte eingong i kvar Vika, fyr det meste kvar Onsdagskveld. Medlemer i Laget er alle Skulegutar, og til Styre velja me fyr kvar Maanad ein Formann, ein Skrivar, som skriv upp i Innføringsboki, og ein Kasserar. Fyr kvart Møte hava me Val paa tri Bladstyrarar, og dei styra Gjallarhorn, eit handskrivet Blad, som kjem ut i eit Numer til kvart Møte og inneheld Stykkje fraa Bladstyret og ellds, kvat Medlemerne i Laget senda inn. Baade i Gjallarhorn og Mime er der livlegt Ordskifte. Paa Samtalemøtom velja me fyrst ein Ordstyrar, som heve aa lesa upp dei Samtaleemni, som i Fyrevegen er framsette og halda Greide paa deim, som vil taka Ordet. Naar fleire Emne er framsette, og me hava teket ut det, som me skal snakka um fyrst, talar han, som heve sett fram Emnet, nokre Ord og segjer si Meining elder innleider Emnet, som det vert kallat. Naar han er ferdug, fær ein annan taka Ordet og segja mot honom, um han ikkje er einig elder ogso, um han er av same Meining, uttala seg um eit og annat, som ikkje fyrr heve voret framhaldet. Og soleis skifta me Ord og Meiningar, den eine etter den andre, til dei fleste Meiningar er komne fram. Daa gaa me yver til aa utarbeida Vedtak. Det vert gjerne fleire Forslag til aa røysta yver, og det, som daa fær dei fleste Røyster, vert ført inn i Boki. Sistpaa velja me Blad-styrarar anten med Setlar elder munnleg etter Framlegg av Formannen. Det var store Stunder fyre oss dei fyrste Gonger, me hadde Samtalemøte og me skulde upp og tala; men no taka me det med meir Ro, og dei Kveldar, me hava Samtalemøti, er nokre av dei mest hugnadsame me hava. Av Emne og Spursmaal, som me hava havt Ordkast um, er: Um Landsmaalets Bruk, Avhaldssaki, Røysterett fyr Kvinnor, kvat skal Ungdomen lesa? um Pugglesnad i Skularne, Utvandringi til Amerika, Gymnastikk i Folkeskularne, Religionsfriheit, Sereiga, Konfirmasjonstvang og fleire.


(Skulegut i Dag).