Eit Program


er ingen Ting, men ein Mann, som ber dei Tankarne fram, som det er bygt paa, han er det einaste, som er nokot. I honom er det liv og Kraft; fyrst i sine Menn er det, at Tankarne fær si Sanning og sin Rett og vert openberre for andre. Gud fri oss fraa alle Teoriar, fraa alle store Tankar og dundrande Program, men gjeve oss helder deires Ikjøting i gode Menn!

Det kjem mykje meir utav det um me berre held oss til ein Mann, det livande Program, enn um me held oss til det daude paa Papiret.

Det er væl so, at ein Mann aaleine hell inkje kann vera eit plent og fullt Uttryk for Tankar og Hugmaal, men han er det daa paa den einaste Maaten som dei er tente med aa vera utformad og framførde av, utan honom er dei den kalde Skodda, som inkje fær tetta seg til Dogg og Regn, men sviv berre som eit laust Yr i Lufti. Men han formar dei paa høvelegaste Maaten, so dei vert til Vælsigning for Land og Folk.