Ei Soga fraa Vossestrandi.

 
I gamal Tid var det inkje vant um Kjempekarar, skal ein tru. Det var Styrkjen det kom ann paa daa, maa veta. Den, som kunde syna fram, at han var den frægaste Karen i Drags- og Slagsmaal, han vart ein Bygdekonge, og han fekk den gjævaste Gjenta i Bygdi.


Gildare Kjempekar i Dragsmaal og til aa dansa Halling og annan dans enn Husmannsguten Nils Mørkve fanst der inkje Sjoarne imillom daa han var paa sitt besta. Ja i Sogn var han og namnkjend for Styrkjen sin.

Han saag inkje ut til aa vera vidare til Kar, han var som ein liten Flabb, so som ein Kjempekar kunde balla i hop som han vilde, um han tykte det var Bryet verdt, trudde mange; men det vart ein annan dans, naar dei fekk prøva honom _ rett som det var, so maatte dei største Kjemporna paa Ryggen fyr Nils, naar dei drogst med honom. Ein Vetter var Nils hjaa Olav Bygd og barde or Korn. Han klarte sine tvo Tunnor fyr dagen, og endaa var han lika spræk um Kveldarne. Kvar einaste Kveld, etter han sluttad Arbeidet, gjorde han eit Hallingakst upp under Bjelkarne, som maalte sine fem Alner ifraa Golvet og upp under, og han kom ned att med jamne Føter. Ein Gong var det Marknad paa Vikøyri i Sogn. Daa var Nils der og mange andre Vossar. I Fyrstningi gjekk det godt millom Sogningar og Vossar; men daa Kvelden kom byrjad det med Slagsmaal, so det rauk etter. Sist paa so skilde dei seg i Tvo Flokkar og kastad Stein og Stokk paa kvarandre. Men so vart det paafunnet, at nokre skulde gaa burt til Sogningarne og bjoda deim Forlik, og det vart gjort. Dei vart einige um, at den, som hadde den beste Kjempekar, skulde gjelda fyr aa vera dei gildaste Karane etter den Tidi, og naar det var avgjort, so skulde det vera slutt med Slagsmaali. Sogningarne kom fram med ein svær stor Kar, som saag ut som eit Fjell. Daa laut Nils fram. Han var den sterkaste Vossarne hadde. Men daa Sogningen saag litle Nils, ropte han: Aa kom hit din Flabb, so skal eg syna Stjernorne Fotarne dine, og dermed so bar det ihop med deim; men det vart inkje lenge, fyrr Sogningen maatte i Lufti og paa Ryggen so lang han var. 
Ja, sagde Sogningen, daa han var komen paa Fot igjen, det finst inkje Kar, som tuktar meg i aa danse Halling. Det skal me sjaa paa, sagde Nils, og so ropte han paa Sjur Spelemann og fekk honom til aa strjuka upp ein Halling. 
Nils byrjad aa dansa, og ein heldt upp ei Stong med ei Huva paa, som skulde kasta Halling upp under, og det gjorde han so Huva fauk burt igjenom, endaa det var fem Alner i høgd. Daa vart Sogningen skræmd og torde inkje vaaga seg fram.

Nils fridde til den fagraste Gjenta, som fanst der i Bygdi. Ho heitte Anna og var Dotter av Olav Bygd, som var den gjævaste Bonde der i Bygdi. Det var inkje for simple Karar aa fria til Dotter aat Olav Bygd, for han vilde hava deim baade av god Ætt, og rike skulde dei og vera. Olav vyrde inkje um Nils Mørkve; han gav honom turt nei. Men Nils tapte inkje Motet; og til Slutt fekk han henne. Kor det gjekk til skal eg fortelja. Var Nils Kar for aa koma inn til Gjenta ein viss Kveld, so skulde han faa henne med Fossgarden. Daa vart Nils glad, gjorde eit Hallingkast, og so reiste han heimatt. Daa den Kvelden kom, var Nils der og vilde inn til Gjenta; men daa fekk han annat aa bite i. Olav, Far til Anna, hadde sent Bodskap etter dei andre Friararne hennar, og dei var tio Stykkje. Dei hadde Faderen fenget til aa passa Døri, der Gjenta laag. Nils prøvde paa aa brjota seg inn, og fira Stykkje fekk han til aa trilla; men so tok dei til aa steina honom, og daa laut han taka Foten fatt. 
Daa byrjad dei andre Friararne til aa slaast seg imillom um Gjenta, og ein av deim vart Herre. Den Friaren likte Faderen godt, fyr han var rik, men Gjenta tykkte inkje um honom. Sundagen etter skulde der vera Belaveitla paa Bygd. Den rikaste Bondegut der i Bygdi skulde faa henne Anna. Men det likte daa slett inkje Nils Mørkve. Daa Sundagen kom, so reiste han til Bygd og vilde slaast med den andre Friaren um Gjenta, og det bar i Slagsmaal med deim. 
Nils vann og jagad den andre av Garde. Daa tykte Olav Bygd var gilt gjort, og Nils fekk Gjenta.


F.