Skuldlaus til dess du er dømd.

 
Det er den gode Grunnen, som Juryen byggjer paa.

Folk veit ikkje kva det hev paa seg, soleis som det no er. For det er so inngrott i Folket vaart dette, at sakad er aa kalla det same som dømd, det er eit Drag som hev att av den gamle hundetrugne Kjensla av Vanmagt imot Embættsmanns Vald, denne Vissingi um, at det som ein slik Mann tok i si Hand, det var som alt fullført. Naar slike høge Menn hadde Mistanke um at nokon hadde gjort galet, so var det i den gamle myrke Einevaldstidi for mykje aa venta, at ein som vilde standa høgt i Folkevyrdnaden, for ofte skulde faa Folk til aa tvila paa at han var visshøv til aa finna ut Syndaren med det same.

Me veit korleis det er lagat uppe i Bygderne, Folk vert reint som skjelvande, berre dei skal inn paa eit Forhøyr, um det so ikkje er for anna enn aa vitna um eitkvart Slag. Og er det daa noko, som dei sjølve er mistenkte for, daa er dei so ottsame, som um det galt Livet med det same. Um dei ogso veit det med seg sjølve, at dei er skuldlause, so lid dei so under Folkedomen, som alt hev stemplat dei som Brotsmenn straks han vert utpeikad, og ikkje vil sleppa Tak, fyr dei ser svart paa kvitt for, at han er frikjend.

Vilde Folk berre tenkja seg inn i kor stor ei sut og Ulukke denne gamle Rettsskipnaden kann valda, so vilde dei alle av sitt ganske Hjarta ynskja ei Forandring. Men den, som aldri hev slysnat til aa verta utpeiakd soleis, det er vandt for honom aa fata det, kva mangein Stakar no maa lida.

Des betre ein er, des reinare Samvit ein hev, og des betre Tru ein hev til Livet _ des leidare er det for honom aa greida dette, aa forstanda korleis det kann ganga til.

Set det er ein, som det alltid hev gryst i, naar han hev høyrt um all Styggedomen i Verdi, og som alltid hev havt ein stor Age for Styresmagti, og alt det som ho tok seg til, ein som alltid sjølv hev stokket undan ein sodan, som er kallad til Forhøyr.

Og no skal han dit sjølv. Han liter væl paa sitt reine Samvit og sitt opne Andlit, som aldri hev loget; Folk maa daa sjaa straks, at han er ikkje skuldig i noko gale. Men det legg seg likevæl som noko tungt for Bringa, og han fæler for den Stundi han skal fram. Naar Domaren kjem inn, ser han paa honom med Uvilje, og set i paa det, at det skal ikkje nytta honom aa segja anna enn Sanning her. Og han talar til honom, som um det alt var sannat lenge sidan, at det er han som hev gjort den Missgjerdi, som det spørst um. Aa so usegjeleg vondt! Han som alltid kanskje hev vortet trudd paa kvart Ordet han segjer, og so skal no desse Folki her, som han hev trutt best um av alle, dei skal lura etter kvart Ordet, som han segjer og ikkje tru det Grand. Kvar vert det so hans reine Samvit og truverdige Framferd, som han lite paa skulde lata alle skyna, at han var ikkje Syndaren? No daa han skulde bruka det, er alt dette som burte, han bleiknar, han tullar og veit ikkje sjølv kva han segjer, alt sviv rundt for honom, medan Spursmaali vrid og vender paa all Ting, so han veit ikkje si arme Raad. Han stend der skjemd yver seg sjølv, ferdug til aa graata.

Den Skjemdi gjeng væl yver, men det som vert attsitjande i honom alle hans Dagar, det er Skjemdi yver eit Samfund, som kallar seg fritt og endaa ber seg aat paa den Maaten mot ein ærleg og skuldlaus Borgar.

Nei var Domstolarne vaare slike, som det sømer frie Folk, so vilde kvar den som viste at han var misstenkt for ei Ugjerd vera glad og byrg den dagen han vart kallad fram for Retten til aa greida seg, for der skulde han daa fyrst og fremst venta aa faa Medferd som Fagnamann, der maatte han vera stød paa aa faa annaslag upartisk Gransking enn av det lause Folkesnakk.

Det vil Juryen gjeva oss.