[Tidender.] Smaa Midlar.


Henning Jensen heiter ein Mann, som til no nyleg var Prest i Stenmagle og Stenlille i Danmark. Han var frilynd, og Styringi hev set skeivt til honom lengje. Ved siste Val var han Vinstres Tingmannsemne i sama Valkrinsen, som Kultusministaren hadde stelt seg til Val i. Høgre vann, so vidt det var, og Pastor Jensen kom inkje til Tinget; men Kulturministaren gløymde honom inkje.

No nyleg skreiv ein dansk Høgreprest, Rørdam, eit Stykkje i Berlingske Tidende og tok Bibelen og Jesus til Inntekt for den Estrupske Politikk. Denne raae Maaten aa blanda saman Guds Ord og Politikk fekk ei hard Medfart av Pastor Jensen i Bladet Politiken. Han skreiv der millom anna: Prestarne vaare trur, at dersom Jesus levde i Danmark no, so vilde han vera Bisp og preika i Frue Kirke . Men eg trur inkje dei hev Rett i dette. Eg trur, at dersom Jesus levde no, so vilde han snarare staa paa Talarstolen i Rømersgata (Arbeidaranne hev eit stort Samlingshus der), og Apostlarne vilde inkje hava vortet Prestar i Stenmagle eingong. Sama Dagen som dette stod aa lesa i Politikenvart Jensen avsett fraa Embættet sitt.

Syndi aat Jensen var altso den, at han trudde, at um Jesus livde no, so vilde han inkje hava haldet med Estrup i hans Grunnlovsbrot og Hæding av det danske Folk, men voret Demokrat, og for dette skulde han setjast paa berre Marki. Men Rørdam, som vilde gjera Jesus til Høgremann og Lovbrjotar, han fær seg truleg eit større Embætte so snart det læt seg gjera.


Men um Estrup kjem til aa hava Vinning av slik Framferd, det fær Tidi visa.