[Tidender.] Danmark.


Pengeaaret (Finantsaaret) var ute siste Dagen i Marts, og daa skulde det nye Budsjettet vera ferdigt, um alt gjekk som det skulde. Men Kaksetinget (Yverhuset) og Folketinget vart inkje samde um nokon Finanslov til den Tid. Og no er Ulukka den, at Ministeriet Estrup krev, at dei skal vera einige, dersom det skal bry seg um dei Vedtak, som Tingi gjer, og paa den Maaten vart Landet uten lovlegt Budsjett no 1ste April. Men Estrup veit Raad for Uraad. Kunna inkje Tingi verta samde um nokon Finantslov, so vart han dess snarare einig med seg sjølv um, kvat som skulde gjerast. Han fekk Kongen til aa gjeva ein Finantslov, som gav Ministeriet Lov til aa taka av Rikskassa alle dei Pengarne, han hadde kravt av Tingi. Det er stutt og greidt Lovbrot.

Tett fyre Tingi vart uppløyste las Formannen i Folketinget upp eit Brev til Folket. Det lyder so:

Til det danske Folk!

Folkethinget har, medens det endnu var Tid, henvendt sig til Kongen for at afværge det Brud, hvortil Forfatningslivet her i Landet ledes af en egenraadig Regjering.

Thingets Udtalelse til Kongen er tillige vor Redegjørelse for Folket. Vi har nu kun at tilføie: Regjeringen har valgt Bruddet. Endnu engang har man afvist den paany tilbudte Forhandling om en midlertidig Finanslov. Regjeringen afbryder Fællesudvalgets Arbeide og hjemsender Rigsdagen uden nogen lovlig Bevilling for det nye Aar. Hensigten hermed er klar. Idet Folkethinget nedlægger Indsigelse mod det længe forberedte, nu forestaaende Grundlovsbrud, opfordre vi Folket til at samles om sin grundlovhjemlede Ret under den Kamp, som alvorligere end nogensinde stiller uafviselige Krav til alle gode Kræfter i det danske Folk.

Daa Brevet var uppleset reiste Holstein Ledreborg seg og ropte: Grunnloven liva ! og heile Vinstre ropad Hurra. So gjekk alle Vinstremennerne ut, og Estrup hadde berre dei faae Høgremennerne til aa lyda paa den Trontalen, han las upp.