Tidender.


Kristiania, den 31te Marts.

Danmark. Menn og Kvinner hev sendt ut eit Upprop til Folket med Bøn um, at Folk av fri Vilje skal skillinge saman Pengar til Landsens Forsvar. Uppropet talar um kor liti Von det er for, at Tingi skal verta samde um Landsfyrsvaret og kor galet det er, at Landet for den Skuld skal liggja forsvarslaust. Folk hev alt teknat seg for 243,528 Krunur og det er Von um, at det kjem inn mykje meir.
 
 
England og Russland. Dei bur seg mannelegt til Krig paa baade Sidur. I India hev Engelskmannen alt ein Her paa 50,000 Mann reide til aa ganga inn i Avganistan, og det skal vera Von um, at denne Heren kann naa herat, fyrr Russen kjem dit. Heren ved Grensen av Avganistan er og aukad, og mange og store Matbuder er fyllte, so det alt skal vera nok til Heren er fyllte, so det alt skal vera nok til Heren for ½ Aar. Krigsskipi vert gjort reide so fort det læt seg gjera baade i England og India; den engelske Krigsfloten i Middelhavet er likeeins ferdig aa gaar til Svartehavet. Det ymtast og um, at England skal faa Hjelp av Turken.

Russland skal alt hava 80,000 Mann ved den avganske grensa, og no vil han senda endaa 50,000 dit. Det bur seg til ein Krig paa Kniven. Det skal vilja freista paa aa faa Indiaranne og Irarne til aa gjera Uppreist mot England, og irske Dynamittmenn skal faa Plass i den russiske Heren.

Siste Meldingarne segjer, at Styringi i Russland skal vera huga paa Fred.


England og India . Som Folk veit, so er India herteket av Engelskmennerne og dei hev der no ein stor Her, som til kvar Tid skal vera reide, baade til aa verja Landet og til aa kjøva Uppreist. Mange av dei innfødde Lydkongarne hev og store Herar og England hev inkje altid voret glade i det. Men no vart det meldt um, at Lydkongarne hev bodet seg til baade aa hjelpa England med Herarne sine og sjølve vera med i Krigen. Engelskmennerne vart svert fegne, daa denne Meldingi kom; men daa dei fekk tenkt seg um, totte dei, det vilde vera vaagsamt aa taka mot Tilbodet. Saki er den, at i India er det eit nasjonalt Parti, som vil, at India skal vera for Indiaranne, og dei ser like surt baade til Russland og England. Fekk no Kongarne og Folki deira vera med i ein Krig under dugande engelske Herførarar, so fekk dei læra seg upp til aa bruka Vaapni, og det vilde koma dei til gode, um dei eingong skulde vilja vaaga eit Basketak med England for Fridomen sin. Dette hev Engelskmennerne no teket til aa tenkja paa, og dei kann hava Grunn til det, daa Indiaranne er Folk, som ein inkje bør lita paa for mykje; dei hev inkje noko imot korkje aa ljuga elder hykla, naar dei hev Von um aa tena paa det.


Krigen i Kina . Franskmennerne hev havt Vinningi no lengje. Dei fekk soleids for nokot sidan tak i ei sterk Festning, Langson. Men no hev Kinesaranne manat seg upp og teket Festningi attende. Franskmennerne miste mange Folk, og øvste Generalen, Negrier, vart saarad. Det er telegrafert til Frankrike etter meire Krigsfolk, og Styringi hev alt sendt iveg nokre; fleire skal sendast med det fyrste. Styringi bed Tinget um 200 Millionar Franks til Krigen.
 
 
Kunst. Maalaranne Wæhrenskjold og Krogh hev havt Utstelling av Maalestykki sine no eit Par Vikur. Desse tvo er med dei likaste Maalarane me hev, og dei som hev gjenget friskast iveg med nye Gjerder aa maala paa. Her paa denne Utstellingi kunde ein sjaa, korleis dei hev arbeidt seg fram ifraa det fyrste; dei tok iveg paa sin eigen Maate med same, og no hev dei traatt overlag langt fram. Det som ein iser mærkjer seg, er Maaten aa maala Mannabilæte paa. Me er vande til det, at naar me skal hava Bilæte av Folk, daa skal dei vera so uppstrammade og høgtidelege og stive, at du kann snaudt kjenna dei att ifraa Kvardagslivet. Men no hev dei det reint motsett; dei tek Bilætet plent soleis som du ser Mannen, naar han minst av alt hugsar paa, at han skal verta avskildrad. Men daa fær dei ogso eit Liv og ei Likning i Bilæte sine, som er reint meistarleg. Som no Wæhrenskjolds Bilæte av Amund Helland; det er noko av det morosamaste du skulle sjaa.


Ved Amtsskulen i Gord diskutera Gutarne og Læraranne o. fl. Maalsaki. Tilslutt vart det slik, at dei held paa det norsk-norske Maalstræv og paa Ivar Aasens Form.


Alexander L. Kielland skal reisa til Spania med det fyrste, vert det sagt.


Klokkar S. Fedje , Styrar av Bladet Husmanden, er no i Valdris og held Fyredrag um Arbeidarspursmaalet og Avhaldssaki. Mange møter fram for aa høyra paa.


Hans Nilsen Hauge . No Palmesundag var det 61 Aar sidan han døydde, og Langfredag vert det 114 Aar sidan han vart fødd.


Fersk Makrel vart det seld i Kristianssand no fyrre Maandagen.