Om Ovdrikking.

 
Noko med den verste Styggedom, me hev aa dragast med her i Landet, er den fæle Drykken. Den hev gjort so mykje vondt, at det vilde vera seint aa reikne upp alt. Me drikk upp Brennevin, Vin og Øl fyr 38 Millionar Krunur kvert Aar. Kva hev me so att for dette Utlegget? Inkje anna, enn den skjere Armodsdom paa alle Leider. Peningarne tyner me, Helsa spiller me, Uro og Tregje fær me i Hugen, Sut og Usæle set me i Kone og Born; alt gjeng skakkstyrt og Enden er Øydelegging.

No gjeng der ei Vekking gjenom Folket og ei sterk Trong til Framgong i mykje godt. Dette hev ogso gjort, at Ovdrikking hev minkad noko, so det inkje er fullt so ille som for nokre Aar sidan, men det gjeng for seint. Me lyt stige sterkare og fortare fram og inkje taka i med Silkehanskar, fyrst me hev noko so stygt og seigliva, som Drykk. Det er fælande aa sjaa den unge, som slær seg paa Drykk midt i sitt Livs beste Vokstr; det er fælt aa sjaa han ganga aa raga, utan Vit og Tanke, verre enn eit Dyr; det er fælt aa sjaa den gamle Mann med darrande Hendar og sprengt Augnelag, fyrst han sit vaklynt og livsleid og tenkjer yver sitt framfarne Liv; det er fælt aa koma inn i eit Hus og sjaa ein drukken Mann, som bannar og styrer og jagar si stakkars bleike og uttærde Kone og sine fillute Born att og fram til aa skaffa Brennevin.

Folk maa no sanse seg, og taka paa med Aalvor og faa sett Stengjur for alle dei Freistingar, som no er til aa dragast inn i slik Ulivnad. Kor me glaaper i ein By og mange andre Stader, ser me lokkande Innskrifter paa Dører og Husvegger, som vil narre Folk inn aa drikke: Rikingar steller til Leikehus med all Slags Løgje til aa sjaa aa høyre, berre for aa faa selt Øl og Brennevin og tent Pening. 
Det hadde voret likare av Kristendomsupproparanne, at dei hadde vendt seg imot dette, enn aa streve med aa gjera Vinstremenn til ukristne, fordi, at dei vil stytte av paa Embættsmagti og late Smaafolk faa betre Rett i Landet.

Her maa ropast og skrikast i heile Landet so lengje til Folket vaknar fullt ut og kastar av seg denne Styggedomen. Det lyt koma til det, at det er ei Ætteskam aa drikka seg drukken.

Her maa Kvendi vera med og hjelpa til. 
Kvendi stend høgt yver Mennerne i sume Ting; ho er mykje meire fin, hev mykje meir aandeleg Daning. Skal det muna noko med Aandsfridomen vaar, so maa me gjeva Kvendi meire Magt og lata det mjuke Lynne hennar koma meire fram aa faa Virknad i Samfundslivet. Me Menn er store og sterke, men harde og grovvorne, me skal taka dei tunge Støytarne; me skal gjera det grove og tunge Arbeidet og Kvendi skal ganga jamnsides og settje Liv og Mot i oss og setje den Livsens Ange og Friskleik i Heimen vaar som berre ho kann gjera. Fyrst det gjeld det, som gjer Heimen hugsam og god, fyrst det gjeld dei djupaste Kjenslur i Livet, so lyt me lata Kvendi raade.

Fær me Kvendi til aa føra Krig mot Drykken, so vert han broten. Difor vil eg no beda Kvendi, at dei gjer Samlag og brukar den Magt, som dei hev og paa sin milde og fine Maate tuktar upp Mennerne til reinare aa edlare Liv og Framferd.

L.