Math. 11, 28: Kome hit te meg alle som er trøytte og tyngde, eg vil gjeva Dykk Kvild.


De er sæle Ord, som er goe aa høyre, for de er visst so med oss alle saman de, at me hev Sut og Sorg, alle so er me plaga av noko, de er so mange Sjukdomar te i Verden, at de er ingen, som reint gjeng fri, og um ein no au lite kjenner te dei, so er de so mangei Løyndesorg, at de er sjella hell aldri, ein kann sjaa nokon rigti gla, uta de er noko Mein, som tyngjer paa Hjarta. Ungdomen han er so gla og kaat, men de er ikkje so alt, som kann vera til Lags for den hell, han stundar etter so mangt, som han aldri kann faa, so Ungdomsgleinn au so jamt kann blandast upp med Graat; og gamlingen han studrar fram, krokutt og klein og ynskjer seg berre i Gravi lagt og svarte Torva paa.
 
De er Sut fraa Vogga og te Grav, Sorg er Leiestaven gjenom Live. Og me klagar og klagar og me freistar paa so mangt, men Ingen er de, som kann lækje, ingi Von er de aa finne, anna Sotti aukar paa og ho vil ikkje sleppe Tak, fyrr ho fær oss i sitt Velde.

Og ingen er de, som vil høyre paa me klagar, for de er ingen som kann hjelpe oss.

Men so ljoar de so mildt eit Ord: Kome hit te meg alle som er trøytte og tyngde, eg vil gjeva Dykk Kvild .

De maa vera ein go Mann, som segjer slikt, han er visst ikkje vond aa tala me. Eg hev væl høyrt og set, og naar ein kom til ein Kjenning og og Ven og klaga og bad han hjelpa seg, so kann han væl for Venskaps Skuld de hava gjort, som han daa formaadde. Men at nokon kjem og by seg og segjer, at de ska koma alle saman, som lie vondt, so ska han hjelpe dei, nei de hev eg daa aldri i Verden korkje set hell høyrt gjete. Han maa vera meir hell eit Menneskje, som kann soso tala, han maa hava eit tolugt Sinn, han maa daa vera rik paa Raaer, som skal høyre paa alle og hjelpe dei au. Til honom vilde eg daa gange straks, og eg vilde fortelje um alt, eg lei, eg vilde ikkje dylje unda nokon Ting. For naar han talar, so svarar de i mitt Hjarta, og eg brest i aa graata. For eg kjenner, at han hev ikkje noko aa vera bli paa meg for; eg hev ikkje fare som eg skulde, so eg veit aldri korleis de kann ganga.

Men so segjer han so mildt: Statt upp og ver ikkje rædd, du tar ikkje fæle, for so elskar Gud Verden, at han sente Sonen sin og dei som trur paa honom, skal faa Liv og Sæle. Eg saag nokk koss du hadde de, og no hev eg au røynt de sjølv, for eg heve gjengje igjenom alt de eit Menneskje kann lie, eg gret Blodsdropar, eg vart hata og hædd, eg vart korsfest og døe og de var berre for, at du skulde faa de gott.

Aa ja paa deg vil eg so gjerne tru. _ So kann au Live lettne seg for meg, so kann eg au bli sæl baade her i Live og sia i all Æva. Lova vera Gud, lova vera du for alle Raaenne dine. Du er stor og heilag, og du er au mild og kjærleg.

Mannen han er so liten og veik,
han heve so lite eit Velde.
Han renne upp som fagraste Blom,
men sloknar so snart um Kvelde.

Han renne upp som fagraste Blom,
han blømer so vænt under Lie.
Han heve so stutt eit Dagaverk,
hans Dagar so snart mune skrie.

Men mangt og mykje so tenkjer han,
og mykje so hev han i Hende.
Men Gud han styrer alt Heimsens Gang,
all Mannsens Verk kann han vende.

For han hev allting i si Hand,
de gjerest so traust ei Lære,
han styrer yver alle Land,
di vil me han prise og ære.