Korleis hev det seg?

 

Daa eg var paa Graatenmoen siste Sumaren og me dreiv paa med Skjotingi, kom Sjersantarne vaare og fortalde, at dei skulde faa Greide paa, kven av Soldatarne var innmelde i Folkevæpningssamlage. Ja me spara ikkje paa aa fortelja det, for me tottest me hadde Ære av aa standa der.

 

So fall det seg so ved det Kompani eg høyrde til, at me som skaut best alle høyrde til Folkevæpningssamlage. Me skulle daa havt Skarpskjotarmerke og ein av okkon Medalje, men me saag ikkje nokot til sovorne Ting. Me spurde daa Løytnanten vaar, korleis det gjekk til, at me ikkje fekk desse Saker.

 

Stortinget hev ikkje bevilga Peningar til at kaupa fyre, svarad han greisen og kall.

 

Men no høyrde eg fortelja, at paa andre Eksisplassar skorta det ikkje paa sovorne Ting. Baade Premiar, Medaljar og Skarpskjotartekn blei der utdela til dei beste Skjotarar.

 

Me veit no, at Graatenmoen er ille utstyra paa alle Maatar; men at dei au skulle knipa av Soldaten desse Utmærkelsestekn, tottes eg var hosta hardt.

 

Eg kom til aa tenka yver, om det skulde vera Orsaki, at me høyrde til Folkevæpningssamlage, at me ikkje fekk noko. Eg skulde no hava Lyst til aa faa Ljos i den Saki. Eg trudde no inkje, det vart stor Skiland paa kor Soldaten høyrde heime, og eg hev alstøtt høyrt, at Telarne skal vera glupe Karar til

aa eksera.

 

 

L.

 

Frå Fedraheimen 01.04.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum