Dissentarsaki.


Ein uviss Bate . Det er ført fram nye Grunnar fyre det Paastandet, at ifall me vil Frilynde og kristeleg Kjærleike, so maa me og vilja giva Dissentararne Tilhøve til aa verta Historielærarar i Folkeskulen.

Det er mest det, at i Statskyrkja er det so myket med Ufysna og Ureinska; men millom Dissentararne er det mange gudelege og skikkelege Menneskjor. Ein kunde spyrja, kvat Meiningi er med denne grunnen. Er det daa Skulelærararne, som er so uskikkelege, at me lyt faa Dissentarar inn attmed dei? Eg trur inkje, nokon kunde segja dette med Sanning. _ Og er det daa so visst, at det i Dissentarkyrkjorne er so myket betre enn hjaa oss i Landskyrkja, og at alle der er gudfrygtige, reinferlige, skikkelege og umfram i alle Maatar? Eg tenkjer, dei hev fulla der og Kvika imillom Kveiten, og eg tenkjer, at dei hev inkje rokket lenger dei helder, enn at dei gjerna ynskte aa sjaa det betre hjaa seg, enn det er baade paa den eine og den andre Maaten. So det vart nok nokot uvisst med den Vinningi.

Det skal inkje verta slettat yver, at her er myket syndugt og styggt; men det batar helder inkje aa vera urettferdug og maala berre med svart, for slik er det daa inkje. Eg trur, me gjerer rettare i aa gøyma dei ukjærlege Ordi og helder kvar paa sit Stelle hjelpa til aa retta og betra det range og vonde. 
Det kjærleikelause, speande og hædande Mannaordet gjerer inkje godt; det er eit annat Ord,
som skal gjera det, og som me helder lyt bruka baade i den eine Flokken og i den andre.

Men det er daa berre ein Rett, det er Tale um, segjer dei, _ ein Rett, me vil Folk skal faa til aa taka ein Dissentar til Lærar, um dei sjølve so synest. _ Eg tykkjer, dette likjest nokot aa ryma fraa Spursmaalet. Det er som aa segja: Storting og Regjering hev inkje nokot med aa prøva, kor nyttugt elder unyttugt det kunde vera aa faa Dissentarar til Lærarar i vaare Skular; det lyt Folk sjaa til, som skal bruka Loven. _ Ein plagar daa elles krevja, at slikt vert yvertenkt i Fyrevegen. Er det inkje godt og ynskjelegt aa faa Dissentarar til Lærarar, so skal helder inkje Loven segja, at dei væl maa verta det.

Det er væl nok, at det er Folket, som skal hava Andsvaret. Men skal det difyre vera naudigt aa flytja Avgjerdi av dette Spursmaalet fraa Stortinget og ut til Skulenemnderne? Eg tenkjer, Folket kjenner ogso det Stortinget gjerer som sit eiget Andsvar, likso vel som det Skulenemnderne gjerer.

At Fred og Fordrag imillom dei kristne Sambandi vilde fremjast best ved, at kvar lyt vera fyre seg, der Skilnaden millom dei maa koma fram, er nok visst, og dei er ymse Stader inkje heilt utan Røynsla av dette.

Det er undarlege Grunnar, ein millomaat kann faa høyra. Det heiter, Historia maa vera med imillom dei Læreemne, som kann givast aat Dissentararne, so at Folk kann vera nøydde til aa agta seg, kven dei tek inn i Skulen til Lærar. Meiningi er, kann ein skyna, at ein stor Part av Dissentarsambandi kunde det inkje takast Historielærarar utor aat Folkeskulen vaar; men det er daa sume, som det helder var godt aa faa, _ dei som det segjest um, at dei hev same Tru og Læra som me. Eg ventar snart aa faa høyra, at dei vil hava Loven til aa segja, at Dissentararne maa vel verta Religionslærarar og i vaare Skular; for daa laut no Folk vera vake paa Kar og agta seg væl fyre aa sova hugheilt.

Aa koma inn paa kvat Skilnad det er Dissentararne imillom, meiner eg inkje det er Høve til, fyrrenn det kjem eit Framlegg um, at nokot i Dissentarloven skal gjelda alle Dissentararne, men nokot berre sume av dei. Men sovidt eg veit, hev ingen endaa gjort eit slikt Framlegg.

Eg lyt til Slut gjeva sume velduge Stridsmenner ei liti Raad: Støyte so maate laagt i 
Sigertrumpeten imot Landskyrkja, til De kjem heim or Striden. Kann henda ho stend paa ein betre Grunn, enn De hadde tenkt.

Andr. R