Den tolvte Salmen.


1. Til Songmeistaren. Paa Oktaven. Ein Salme av David.

2. Herre, hjelp! Fyr ein Gudleg er burtfaren,
Trufaste finst ikkje meir hjaa Menneskje-Borni.

3. Lygn talar dei, den eine med den andre,
med søt Munn og med tvau Hjarto talar dei.

4. Giv Herren vilde klumsa alle søte Munnar,
kvar Tunga, som talar store Ord,

5. deim, som segjer: med Tungorna fær me Yvertak,
Munnen vaar er med oss, kven er Herre yver oss?

6. Fyr Tyngsla, den Nedbøygde stend under, fyr Andvarpet fraa Fatigfolk
vil eg no standa upp, segjer Herren,
giva honom Frelsa, som lengtar etter henne.

7. Herrens Ord er reine Ord,
Sylv, som brædt i Deigla, renn ut paa Jordgolvet,
sjaufald reinskat.

8. Du, o Herre, vil vardveita deim,
du vil ævelege vakta honom fyr denne Mugen.

9. Rundt i Kring briskar seg dei Gudlause,
naar Vesallskapen fær Magti hjaa Menneskje-Borni.