Den nye Riksskikken.


All Magt skal samlast i denne Salen, sagde Sverdrup ein Gong i Tinget. Og soleis er det ogso no. Der møtest Styringi med Utsendingarne fraa Folket, og der er det, at alle Spursmaal vert avgjorde. Storting og Regjering hev no mindre aa segja kvar for seg. Det er ved Samraading og Samstelling av baae, at Sakerne vert greidde.

Men det er so med alt nytt, det skal ei Tid til, fyrr det jamnar seg rett ihop. Kverni maa ganga eit tak, fyrr ho fær den rette Sammalingi.

No er væl alltid den parlamentariske Riksskikken longe kjend ifraa framande Land men det er no ikkje alt so visst, at me skal taka det upp etter deii alle Maatar, det rettaste var væl, um me kunde laga det til etter vaare heimlege Høve, som me sjølve finn det er best.

Det hev seg no paa sin eigen Maate endaa, daa me held paa med Skøytingi millom det gamle og det nye. Det var so stort eit Umbrot dette som gjordest i fjor, at det vil dragast ut, fyrr me fær rydja i hop att etter Slaastbadet og heimstella oss retteleg. Som me trur alt er avgjort, best det er, so stend det endaa ein Stubb elder Stake, som me reint snaavar i og veit oss ikkje Raa til aa koma yver.

Storskuringi gjorde dei væl i fjor, straks det kom paa den nye Gjerdi, soleis som med Løni aat Kronprinsen og anna. Det gjekk ogso skjott iaar med sodane Saker som detta um Riksrettsloven og Vetoloven, men daa dei kom til Etterlønerne for Aprilministrarne, daa snaavad dei, so at dei laut sleppa Saki reint ifraa seg og setja ut det heile paa uviss Tid.

Komitemennerne og Steen heldt fast paa sitt, og Sverdrup og Regjeringi paa sitt, Ordi vart kvassvorne paa baae Sidur, ingen vilde fira. Og det var berre 1000 Kr. som var heile Skilnaden. Me likad korkje Sverdrup elder Tingmennerne skilleg væl, me tykte dei gjorde for stort Braak av so liti Sak. Det hadde set vænare ut, um dei hadde faret meir med Lempe.

Det var 3 Synsmaatar, som kom fram i denne Saki. Det var dei, som meinte, at den, som hadde faret aat soleis som desse Statsraadarne, maatte ikkje hva det bidige Grand av Riksens Pengar no. Andre vilde at her skulde liksom gløymast, at dei hadde voret Statsraadar, det skulde berre latast som um det var andre høge Embættsmenn (Komiteinnstellingi). Og Sverdrup vilde, at det skulde visast, at det var Statsraadar, men ein skulde likesom gløyma det vonde dei hadde gjort, vera naadig og gjævlyndt og heidra dei som andre Statsraadar; det skulde ingen tenkja paa det, at dei hadde voret Motstandarar. Men likevæl gjekk han ikkje upp til det som hev voret den vanlege Statsraadspensjonen, Kr. 6000, men slog av eit Tusund¹), og var soleis einig med Komiteen i, at her var det serlege Tilfelle. So at soleis baade han og dei andre Vinstremenn vilde, at der skulde gjerast eit Avslag for det galne dei hadde gjort.

Skulde ein sjaa etter det, so synest me, at det var for lite aa slaa av berre 1000 Kr., men skulde ein lata som gløymt det galne og heidra Motstandaranne sine heiltupp, so tykkjer me det vøre noko smaalegt, at ein ikkje heldt seg til det som hev voret Jamnen fyrr.

Skulde det vera noko Avslag for Skuld dei serlege Umstende ved desse Mennerne, so tykkjest Komiteinnstellingi aa vera den rimelegste, den var det ogso, som vist høvde mest etter Tinget sin Tanke.

Sverdrup heldt fast paa 5000 Kr., endaa han sagde, at han ikkje vilde gjera det til eit Kabinettsspursmaal, det vil segja at han tok det ikkje paa den Maaten, at han nett vilde ganga av, um han ikkje fekk sitt; men likevæl lagde han ut skarpare og skarpare, at det kunde draga Fylgjur etter seg, um han ikkje fekk det, som han vilde.

Og naar so er, so tykkjer me, at Stortinget fær gjeva honom det, ikkje fordi dei hev nokon sers Hug paa det sjølve, men for aa gjera honom den Beinka, naar han set so overlag Pris paa det, noko som væl andre Folk ikkje rett kann skyna Grunnen til. Men ein maa daa tru, at han hev sine Grunnar
likevæl.

Regjeringi skulde lede, ikke ledes av Tinget, meinte han paa. Ja dette er sant nok, men likevæl trur me no, at dette helst maa vera i større Saker; i mindre Pengesaker, allvist der som det berre gjeldst um eit Skyn, der fær ikkje Regjeringi tykkja paa, um Tinget vil fara sine eigne Vegjer; men som sagt med denne her Saki hev det seg paa ein serskild Maate.

Og naar me fær standa paa fullt nytt Grunnlag, trur me nok at det vil jamna seg, soleis at det væl vert Regjeringi som leider, men at Avgjerderne vert etter Samraading Regjering og Storting imillom. For det som skulde vera Sermerkjet for den nye Riksskikken det skulde nettupp vera dette: Samarbeid millom Riksmagterne. Og naar det kann verta Skilsmaal, fær den vægja, som visast er.


¹) I fyrre Bladet stod det, at han heldt paa 6000, det var ikkje rett.