Til Vestlendingen


skriv ein Brevskrivar fraa Austagdir (i Sogns Tidende) millom annat:

Det er fyrste Gongen i mitt Minne, at der fraa Lærarom i Sogn i Fellesskap er sent ut nokot so stort og som hev gjenget so fort og vidt som Vedtaket um Rett aat Norøna Maalet. No stend der rett som det er i Tidningar fraa Mandal til Hammerfest: tilsidst enedes man om Vedtaket fra Sogn. Og so all den Talen Mann og Mann imillom; det er greit, dei hev knepsat paa ein Streng, som rokk til mangi Bringa. Og heidrast maa kvar, som byd si Teneste aat ein stor og god Tanke; men mest den fyrste. Eg lyt faa Lov til aa segja Sogns Lærarstand Takk fyr den Gleda dette Framtak hev gjevet oss andre og fyre dei styrkade vaar Von, og Tru. Men sammstundes minda um, at ho ventar Landet nokot ovgodt fraa dei bedste Maalbygdar. Goe Ord og Vendingar maa samlast og setjast i som Stein i Muren. Der maa skrivast mykjet, og alt maa vera framifraa godt. Skriv so godt, at det vert Mode at likna Dykkar, skal De hava Takk. Bygdarne Dykkar gjev Dykk fleire Betingelse fyre at orka det enn nokon an.

No maa det verta ein Kapp-strid _ dei Bygdar og Byar, som no mest er om seg, vil faa Grunn-fargen sin i Skrive-maalet, naar det eingong storknar. Det er ikkje litet det; samstundes med at Bygdarne vil vinna i And og Rom-syn med di. Endaa staar det likesom til atters i Fjorbygdom. Austlendingen hev sine Samlag og Fedraheimen, Thrønderne sit Skulebok-selskab m. v.; men Vestlendingen med si rikaste Fraasegn og gjævaste Erve-minne kjem seinaste, vonleg ogsaa best. Han hev verkeleg Nationalitet. Det var baade Synd og Skamm, var det ikkje endaa Gutar, som kunde bora so gjæv ei Skuta.

Det er vist eit stort Stykkje Arbeid, men Tanken er vakna og det paa ei Tid, daa der stend meir aa tapa og meir aa vinna, enn nokon Gong fyrr _ Landsens nasjonale Eigendom er i Faare. No lyt det visast fyre komande Slekter, kvat me meinte med alle fagre Kvæde um Fødelandet som vaar Tid er so rik paa.

Det er naturlegt, at Politikken (Rikskyndi) vaar kjem til aa bera eit austlandsk Merkje; men kann so ikkje Maalet vaart bera eit vestlandsk Merkje? Dei Bygdar hev ein gamall og i mange Maatar eigen Sed (Cultur), den er so væl rot-vaksen og ein ovgo Underbygnad fyre ein gild Hall, at ein skal leita lengje etter Maken. Daa vil det vera Fagnad at vera Provins.

Dette sidste trur eg ikke han hev Rett i, at Politikken vaar hev eit austlandsk Merkje. Det er tvertimot Vestlendingen som fortener Æra for, at Politikken vaar hev komet i den Skora, som han er. Austlendingen hev komet so seint med, at han endaa ikkje hev kunna magta aa setja noko Merkje etter seg. Fraa fyrst av er det Vestlandsbønderne Ueland og Jaabæk som hev kveikt noko politisk Liv i Landet, og no hev ein Vestlandsbonde alt komet inn i Kongens Raad; det vil vara lenge, fyrr ein Austlandsbonde vil fylla ein sodan Plass. Um me tek for oss Statsraadet, so vil me sjaa, at Vestlandet (naar me reiknar Nordland med) hev fenget 5 Mann, Austlandet berre 3. _ Skulde Austlendingen berre hava raadt i Politikken, so vilde me aldri hava greidt oss i alle desse Stridarne og ymse Samanstøytar med Høgre, men Vestmannen med sitt kvassare Vit og si rappe og skarpe Tunge var som skapad til aa taka imot Støytarne. Austlendingen er for godsleg og godtrugen og likesæl av seg, og agtar for lite paa Smaating, til at han kunna gjæta ei Regjering, som stod ferdug til aa smetta seg til eit Handtak og faa sine Præcedenser ved kvart eit Høve. Det er berre Nordtrønderne, som i O. Velde hev synt ein Bondehovding, som rokk noko upp i Høgdi.

Men med alt dette trur eg ikkje endeleg, at Austlendingen hev mindre Evne for Politikk, men han høver seg best for fredelege Tider, der fyrst vil han naa si rette Høgd. I Maalvegjen no kann ein ogso segja, at det er Vestmannen, som fraa fyrst av hev sett sitt Merkje. Men paa dei seinare Tider hev Austlendingen hevdat seg meir og meir der, so at no heretter kann ein ikkje tru, at Maalet vil bera eit einsidelegt vestlandsk Merkje, men helder ikkje serskilt austlandsk. Det vil lite um Senn samla baate Vestland og Austland til Einskap, kvar Landsdel gjev sitt, og Maalet vaart vil verta det beste Midel til aa eina og semja det norske Folket.


Ein Austlending .