[Tidender.] Krigen i Sudan.

 
Dei hev no fenget Vissa for, at Kartum er teken av Krigsfolket aat Mahdien. Um Gordon gjeng det ymse Fraasegner. Sume segjer, at han er Fange hjaa Mahdien og andre segjer, at han og nokre av Krigsfolki hans held seg i den græske Kyrkja i Kartum; men det er ingen, som veit nokot vist i so Maate.

Det var Svik som gjorde, at Kartum vart teken. Som me veit, so var Storluten av Krigsfolket aat Gordon Ægyptarar. Dei er Mahomedanarar og hatar dei Kristne, difor hev dei aldri voret litande paa for Gordon. Det synte seg og no, daa Storslaget millom Engelskmennerne og Ægyptaranne paa den eine Sida og Krigsfolket aat Mahdien paa hi Sida nærmad seg; daa hadde inkje Ægyptaranne hjarte til aa standa saman med Trudomsfiendarne sine mot Trudomsbrøderne sine, difor opnad dei Portarne og gjekk yver til Mahdien.

I England er Folk svært sorgfylle yver den Vendingi det tok med Gordon. Alle er samde um, at det lyt sendast meir Krigsfolk til Sudan 
baade for aa frelsa Gordon, um det læt seg gjera, og for aa faa Ro og Orden i Landet.

Dei siste Telegrammi melder, at Italia skal hjelpa England med 15000 Mann til Krigen i Sudan. Som Løn for Umaken skal dei faa eit stort Landstykkje, som Ægypten no eig, ved det raude Hav.