Tvo Ferdamenn.


(Umsett fraa Tysk etter A. Grün). 


Tvo Ferdamenn drog ut fraa same By
til Alpefjelli blaanande mot Sky.
Moten den eine paa Ferdi fekk,
med Lyst og Hugnad den andre gjekk.

Og daa dei fraa Ferdi var komne att,
dei heile Horgi fær kring seg radt;
det rigner med Spursmaal til baae tvo:
Kva heve De set? Fortel oss no!

Den eine geispad og gav til Svar:
Kva me hev set? Det stort ei var.
Pytt! Bekkjer, Engjer, Tre og Straa,
og Solskin bjart og Himmel blaa.

Med Smil den andre gav same Svar,
men Augo lyste, Eld i deim var:
Aa! Bekkjer, Engjer, Tre og Straa,
og Solskin bjart og Himmel blaa!


y.