Tidender.

 
Kristiania, den 20de Januar.
 
Tvidraget millom Statsraadarne hev løyst seg paa ein fredeleg Maate. Dei kom hit alle 3 Stockholms-statsraadarne vaare for aa faa det greidt, Endskapen vart daa, at korkje Sverdrup elder Daa laut ganga ut, som Høgrebladi spaadde. Det segjest, at Semja vart gjord paa den Maaten, at baade Sverdrup og Daa jamnad paa seg nokot. _ Regjeringi vaar hev hermed synt, at ho godt kann tola ymse Støytar, utan at ho ryk sund, og ho kann godt tola, at det raader forskjellige Meiningar millom Statsraadarne ogso, som likesom repræsenterar heile Vinstre med alle dei Brigde der finst. Det er i so Maate ein Skilnad paa Høgre og Vinstre, segjer V. G. , Høgre er ein liten samanmengd Hop, der alt er av same Deigen, og der skilst det ingen Ting millom Folki, den eine er som den andre, like som tvo Vassdropar, det er berre Namni som skil. Soleids maa det vera med eit Stillestandsparti, og so trur Høgre, at det maa vera paa same Maaten med Framstigspartiet. So stor er Vankunna deira.


Sverike. Riksdagen vart opna no um Maandagen. I Trontalen vart det nemnt, at Styringi vilde koma med Framlegg um eit Departement for Jordbruk, Industri og Handel. Eit Framlegg um Krigsstellet vil og verta framsett. Pengestellet stend godt.
 


Dag _ Blad aat ungdomen _ er fyrste No. utkomet av, (andsvarlege Styrarar Nils Brenne og Marius Hægstad). Innehald: Vaart fedraland! (Kvæde) av Marius Hægstad. _ Aat lesaren! (Bladstyret). _ Vaar folkeskule I. _ Skyttarsaki. _ Nyaarsnatt (fritt etter Jean Paul). _ Til ungdomen i samtalelag! _ Dessutan Smaastykkje (Eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen, Tollinntekterna, Den eldste folkehøgskulen, I Vemundvik samtalelag, Tankar og ord, Straff).

Bladet byrjar godt, og det var ynskjelegt um det kunde faa den Studnaden, som det fortener. _ Sjaa under Lysingar.


Kongen og Dronningi skal halde Gjestebod den 21de d. M. Det er Fødselsdagen aat Kongen daa.


Kronprinsen og Kona hans kjem til Noreg den 28de d. M.


Grunnstøytt. Ein stor Eimbaat skulde no nyleg paa Reis fraa Skien til England med Trelast. Daa han kom eit Stykkje ut i Elvi vart Straumen so strid, at det var raadlaust aa styra, og Lastdragaren støytte paa eit Skjer i Elvi, og der stend det endaa. Det hev truleg fenget Lek og lyt vølast, skriv Porsgrunds Blad.


Gamall og frisk. Paa Austmoen i nordre Odalen liver ei Enkje, som er 97 Aar, og endaa er ho nokso frisk baade paa Sjæl og Kropp. Ho er uppe all Dagen og vigtugaste Arbeidet hennar er aa vogg og strikka. Er det nokor Tid dei inkje hev Arbeidet fult ferdugt aat henne, so set ho seg til aa graata, for ho er inkje Kar for aa vera yrkelaus. Det raraste er, at ho no paa sine gamle Dagar tek til aa faa nytt Haar, nytt Syn og nye Tenner. Ho bergar seg alt utan Brillur og Haaret kjem so fint og mjukt som Ull; men det er drivande kvitt. Dei nye Tennerne er nok inkje rett paa Moten, for dei er svarte og ein Mun kortare, enn dei Tennerne, ho hadde fyrr. Kjeringi er drjug til aa røykja. 4 Gonger um Dagen røykjer ho tom ein Pipe, som er stappa med sterkaste Skraatobak. Nar ho hev røykt Pipa si ut, et ho eit Stykkje Braud med Smør paa for aa faa Tobaksoljen or Halsen, og so slær ho seg roleg eit Bil for aa nyta Tobaksrusen.


Arbeidsløysa er stor i Stavanger, skriv Vestlandsp. 246 arbeidslause Menn hev difor sendt eit Brev til Komunestyret, der dei bed um, at det maa verta funnet paa eit elder annat gagnlegt Arbeid for Byen, so dei, som inkje hev nokot aa gjera, kann faa tena Maten i Munnen. Bystyret hev teket seg av Saki.


I Trondheim heldt dei Venemøte til folkeleg og kristeleg Upplysning den 2dre Januar, Fyredrag og Song.


Idag fyre Middag fann dei ein Mann, som vanleg vart kallat Ingebert Steinmann, liggjande daud ved Breidevatnet, skriv Vestlandsp. Det er truleg Drykkjen, som er Orsaki til det. Han var sedd igaar etter Middag, og daa var han full, og det eine Augat hadde greide Merkje etter, at han hadde sleget seg. Det er truleg daa, han hev gjenget ut yver Rekkverket og svimesleget seg; so hev vel Kulden greidt Resten.


Det Drikka, det Drikka! det kostar mange Pengar um Aaret, som me høyra so titt; og det kostar Mannaliv med. Det er ei gamall Vis, at Folk skal hava Drikka med Jolahelgi, og so hender det, at dei fær so altfor mykje av det, at dei vert liggjande elder gangande ute og skamfrys. Soleids var det med ein Mann fraa Skjæveland i Høyland ein av Joledagarne; fyrst drakk han, so var han hjelpt til Husar, men daa døydde han. _ No Nyaarsaften var det likaeins med ein Mann fraa Mosige i Time; han var paa Ferdavegen mykje forkommen, vart hjelpt inn i eit Hus i Høylands Sokn og _ døydde.

Kor lenge tru denne Visi med Joledrikka skal vara? Det er fælt, at Pengarne skal verta burtkastat til so gagnlause Ting; men det er fælare endaa, at unge friske Menner skal rivast burt _ og det endaatil i sovore Tilstand _fraa Samfundet, fraa Kona og Born fyre Tidi. Avhaldssaki lyt stydjast; og der maa arbeidast med Magt for aa fri seg for denne Landsens Ulukka. (Vestlp.)


Snjostorm hev det voret inkje berre her i Landet; men ogso i England og Jylland, so at all Samferdsla laut stadna.


Lerka hev alt komet til Skaane.


Ein Aarhane kom og støypte seg beint mot Glasruta hjaa ein Skreddar i Drammen, berre so Glasbitarne flaug i Andlitet paa honom. Skreddaren vart sinnad, og til Straff tok han og vreid Hovudet um paa Aarfuglen.


Paa Jadren hev dei funnet Sylv, som dei trur det vert lønsamt aa driva etter.


Raad for Uraad. Ei Kjering paa Vestlandet var i Beit for Smør, og Pengar aatte ho inkje. Kvat skulde ho so gjera? Jau ho fann paa Raad. Ho bad Son sin gaa ikring til alle Smørhandlararne og beda um Prov paa kvart Smørslag dei hadde. Guten gjekk og kom att med Hgr. 2.5, og med det greidde Kjeringi seg for det fyrste.

 
Kveise-sotti (Kopparne) vert verre og verre i London. No siste Maanaden er det stroket med inkje mindre enn 156 av Sjukdomen.


Rik Tiggar. I Antwerpen tok Politiet no for nokre Dagar sidan ein Fatigmann, som gjekk ikring og tagg. Det synte seg daa, at Mannen hadde ei Pengebok med inkje mindre enn 14,000 Franks i.


Jordskjelte hev det voret mange Stader no. Fyrst var det i Spania, so i Italia og Tyskland og no sist i Austfrankrike. Her i Landet skal dei og hava merkt Jorskjelte paa Nordmøre og paa Lesja.


Eit rart Folkeferd liver i Delaware, Amerika.

Det er ei Blanding av Maurarar og Indianarar. For mange Aar sidan grunnstøytte eit Skip, der Mannskapet var berre Maurarar, der paa Kysten. Mannskapet bergad seg iland, og dei Indianaranne, som budde der, var fredsæle Folk, som for snilt med dei framande og gjorde dei til sine Jamnlikar. Mauranne giftad seg med Indianergjentur, og Etterkomaranne deira er eit vent og kraftfult Folkeferd, som inkje vil hava nokot Samlag korkje med Negrar elder Amerikanarar; men berre gifter seg med kvarandre.


Suez-Kanalen. Det er inkje so rett mange Aar, sidan den digre Grefti vart gravi gjenom Suez-tangen, og det var snaudt nokon daa, som trudde, at ho nokosinn skulde verta for liti. Men alt no gjeng det so mange Skip millom det indiske Hav og Midelhavet, at dei hefter kvarandre ein heil Del, naar dei skal gjenom Kanalen, og for ei Tid sidan vart det nedsett ei Nemnd, som skulde granska Saki. Lesseps var Formann i Nemndi, og han og dei, som var saman med honom, er no vortne samde um, at Kanalen skal gjerast so stor, at han heretter vert 65 Meter breid og 8 ½ Meter djup. Arbeidet kjem til aa kosta paalag 200 Millionar Franks. Eit Selskap hev teket paa seg Arbeidet og skal hava gjort det fraa seg um 6 Aar.


Paa Jarnvegen millom Busleburg og Wolverhampton, England, støytte eit Godstog og eit Pasasjertog mot kvarandre. Alle, som var med, vart skadeslegne og fleire Vogner vart knuste.


Livande  Lik. I ein liten By i Tyskland, gjekk ein Mann inn til ein av Grannarne sine, og medan han var der, datt han i Golvet og reiste seg inkje meir. Doktoren sagde, at han var daaen, og Presten gjorde dette kunnugt fraa Kordøri for Kyrkjelyden sin. So vart Mannen sveipt og stelt, og daa han skulde jordfestast hadde det samlat seg mange av Venerne og Frendarne hans for aa beda ved Liket, ettersom Skikken er bland Katolikararne. Men med eit, so stod Daudingen upp og sagde med klagande Mæle: Eg er inkje daud. Han hadde voret skindnad og han hadde greidt høyrt, kor Borni hans gret og jamrad seg, og korleids Venerne hans trøystad dei, og det var med Rædsla han saag, at dei vilde jordfesta honom. Han greidde seg sovidt fraa det, den Gongen; men Rædsla hadde øydelagt Vitet hans, og dei laut leggja honom paa eit Galehus. 14 Dagar etter døydde han.


Sultanen i Konstantinopel hev gjevet 9000 Krunor aat dei husville i Spania.