Nokre Ord til Paal Killand.


(Um Drykken paa Festerne).

 
I Fedrah. No. 58 hev P. Killand fortalt, korleis 17de Mai- og Skjotarfesterne vert haldne her i Fyrisdal.

Daa eg finn, at Killand hev maala det altfor svart av, vil eg segja nokre Ord um dette.

Det, som han no finn so rivgali ved desse Festerne, er Punsen, som gjer Festerne til Drykkjarlag og ikkje til Folkefester, segjer han. Eg er einig med Killand i det, at dersom Festerne vert til Drykkjarlag _ ja so vekk med dei. Men eg meiner no, han framsteller Saki altfor svart. Han vil no ikkje fara med nokon Sminke, men framstille Saki, som den er, segjer han, ja so skal det au verta.

Ved Festerne er der alstøtt utvalt nokre, som skal laga til det, som skal njotast, anten det no er Mat elder Drykk. Her i Fyrisdal er det no paa sama Maaten, og eg veit no, at det her til Festerne inkje vert bryggja so mykje Puns, at Folkje kann verta drukne av det, men so hev mange ei Lummeflaske ved Sia, og so kanskje dei kauper Øl attmed, og me veit, at mange Muner dreg; og daa høver det kanskje, at sume fær ein Blyhatt paa. Eg trur derfor ikkje, eit Par Punseglas var so faarlege, naar berre ikkje den Slarveskikken med Lummeflaskurne var.

Killand fordømer Bruk og Misbruk av Brennvin like radt, eg fordømer berre Misbruken. Det kann ingen negta, at eit Glas Puns gjer Feststemningi meir livandes; men det gjeldst um aa halda dei rette Grensurne. Sjaa berre til aa faa Lummeflaskurne vekk, og Grensurne er avstukne med Umsyn til Maatehald her paa Festerne.

Det syntest meg, at Killand fann det mykje simpelt aa standa paa ei Timbre og deile ut Punsen _ av ei Bytta og med ei Sleiv.

Ja, det vilde vist ikkje mange havt imot, aa kunna havt ein stor Sal aa vera i, og lange Bor og Krakkar, kvar sitt Glas og ei Punsemugge aa ause av; men det er no ikkje alle, som kann hava det so, Smaafolk maa nøgjast med aa hava det paa simplare Maate; og paa ein solblank Sumardag synest no eg, det er likso hugnasamt aa sitja ute; og Bytta og Sleivi var vist likso reinslege, som om det alt ihop hadde vore av Sylv og Gull.


Drykk fylgjer Vinstre som ein Skuggje, segjer Killand vidare; ja det er Vinstre, som skal hava det; Høgre er ikkje verd aa talast um. Truleg, at Drykkjen der ligg klaarare for Dagjen; elder at den der meir skal løynast, for det er no jamt so med Høgre, at den verste Styggedomen vert løynt.

Eg vil au hava vekk Drykk og Drykkjelag; for me veit, at der med den fylgjer berre Synd og Vesaldom; men det er det eg vil halda fram, at det er ikkje Synd i maateleg Bruk av Brennvin; men i Misbruken; og den bør alle arbeida imot; men eg totte Killand burde sagt si Meining paa ein meir skipeleg Maate; det vilde daa gjort likso god Verkning.


X.