Det kjem inkje an paa Talet.


Dei tenkjer det, at til fleire dei kann reikna med til Kyrkja, til større Kraft er det i Kristendomen.

Nei i slike Ting fær ein inkje døma etter Tal og Alnemaal, ein maa bruka Vegti og Gradstokken.

Um heile Jordi var kristna og kvart Menneskje stod i Kyrkja _ Kristendomen kunde for det halda paa og slokna.

Um det var 10 _12 sanne kristne, og alle dei andre Menneskje var arge Gudløysur _ Kristendomen kunde for det vera i si beste Bløming.

Berre ein slik Mann som Luther no, trur du inkje det var mykje større Vinning for Kristendomen enn um det i Namnet var talt nokre Tusund fleire med til Kyrkja?

Men me tykkjest, at Gud maa vera fullvæl tent med oss, naar me legg ut til Løn for Presten og er med i Kyrkja, sender Folk og Pengar iveg for aa umvenda Heidningar; og so jamrar oss yver Vantrui og syter og lengjast etter dei gamle Tider, daa det inkje fanst Ufredsmenn, men alle heldt seg til Trudomen.

Dette norske Folket skal hava voret so umframs kristelegt fyrr! Det fekk daa det Ordet av Uppropsmennerne vaare her ifjor.

Eg trur ein sagde sannare, um ein sagde, at Kristendomen aldri hev trengt rett inn i dette Folket. For den Tru, som kviler paa Mannaord, paa Prestar og Autoritetar, er inkje det sama som Tru paa Gud.

Det kann vera lett aa grøta Folk her, men den kalde Hug og det harde Lynne i Folket er endaa inkje gjenomtrengt av Kri-stendomen. Me hev lett for aa sveipa Hjartat i Taarer og taka gudelegt Ord paa Tunga, so baskar me oss igjenom Verdi som dei daudaste Trælar og gildar oss med, at me tener Gud, um me so ikkje kjenner anten honom elder Kristendoms rette Fridom og Fred, vaar eigi Rettferd sit som ei Lekkje um Føterne paa oss. Kvar ser me Trui som gjer Underverk?

Kvifor berre eggjast og stridast so mykje med Vantrui?

Kvifor berre jamra og laata ille vyer dei som fell ifraa? Um me sytte meir for oss sjølve og vaare eigne Synder, so vøre det tekkare for Gud.

Lat Herren faa hava sine Vegjer fritt, han herde Hugen hjaa dei han vil og kveikje honom hjaa andre. Elder korleids meiner den aa kunna fri seg for Guds Straff, som heldseg til Kristendomen, men likevæl inkje trur, at han er nokon Ting annat enn som ein Skjerm for gudlause Gjerningar og eit ureint Sinn? Elder kanskje Folk elskar sine Fiendar, kanskje dei vælsignar dei som bannar dei, kanskje dei gjer godt imot dei som hatar dei, kanskje dei bed for dei som gjer dei Mein, kanskje det er deira Mat einast aa gjera det gode? Men kvifor gøymer dei daa Ljoset sitt under Skjeppa, kvifor er dei daa so bljuge og visar inkje si Tru av sine Gjerningar?
Sidan eg skreiv dette, fekk eg sjaa det Chr. Bruun skriv um Mængden og Christendommen i Bladet sitt. Han tykkjer, at det slet inkje er so ille, at Massen er med Kyrkja, og det kann so vera, det var vist godt um alle kunde vera med, og det er inkje verdt aa støytta nokon burt ifraa seg. Men eg tykkjest tru, at rette Maaten til aa faa ei sterk Folkekyrkje no er einast den, at ein legg største Vegti paa aa faa fram ein sterkare personleg Kristendom, for dette er den sterkaste Stolpen til aa bera Kyrkjekvelvet.

Eg trur, at Kyrkja er so magtstoli no og Kristendomen so nedslept, at her maa Umvølsle og Nykveikjing for Aalvor. Men den kjem ikkje anten fraa Vitenskapen elder fraa nokot Reformarbeid. _ Det er dette som meinar oss: Den religiøse Kjensla vaar er for visi, dovi, uklaar og blaut, den moralske er for veik og kann inkje leda seg fullfritt, so ho magtar Tidi. Men det trengst einskilde Menns sjølvstenduge Liv til det, for her er so mange Flokar no, som Vitenskapen stend ibeit for, men som det praktiske Livet kann løysa so væl med alle sin Røynslur og Tiljamningar, og daa fyrst kann Vitenskapen koma sidan og Kyrkjebøtaren, men her er endaa inkje traust nok Grunn for nokon av dei til aa byggja for Aalvor.

Eg trur, at Folkekyrkjur for det fyrste er det laagaste Stiget paa Utviklingsvegen, soleids som Jødedomen berre var ei Fyrebuing, likesom den Moderfamni, der Guddomsfrøet kunde trivast, til den Tidi mognad, at der kunde springa fram heilvaksne Menn, som kunde reisa Gudstemplet i Aand og Sanning.

Det er Samfundet, som me alle vert uppalne av, det er gjenom dette at me vert førde inn i baade Religion og Moral, men Meiningi er, at me skal veksa ut or det, ut or alle dess Reglar og Lovar til full Fridom i Gud. Daa fyrst er det, at ein kann venda atter til Samfundet og gjera fult Gagn, og kann gjeva Midlar til aa byggja Samfundet paa allstødt nyare og sterkare Grunnen. Men som det no er, naar anten Mengdi elder Autoriteten i Kyrkjesamfundet er for sterk, so vert ein slik Vokster meinhalden, og Framgangen vert det inkje rett Lag paa.

Folkekyrkjur er soleids for det andre ogso det fullkomnaste, som ein bør stræva etter, naar ein berre kann hava godt Understell, som inkje er for gamallt og veikt. Men det hev me inkje endaa tykkjest eg, til at her kann byggjast med fult Tryggje.

E.