Daa eg reiste fraa Kristiania.

 

Det var myrke Natti. Eimbaaten laag attmed Brygga endaa, men skulde snart ganga. No høyrde eg Klokka ringde tridje Gongen; der vart ei Ramling med Kjettingar og Tog, ei Roping og Springing att og fram. Um ei liti Stund bar det avstad utyver Fjorden. Eg vart standande uppe paa Dekket og stirde tilbake. Der saag eg endaa ei Gaslygt uppe paa ”Festningsbryggja”, men Ljose vart dimmare og dimmare, og snart kom det vekk fyr Syni. Heile den store Staden Kristiania laag bak meg med alle sine Gledur og Herlegdomar!

Her uppigjenom den same Fjorden kom eg farande den fyrste Gongen, eg skulde til Hovudstaden.

 

Var det nokon Skilnad paa no og daa? Den Gongen stod eg og uppe paa Dekket og stirde den same Vegen. Lenge hadde eg lengta etter aa koma so langt, for i Kristiania _ der skulde no vera den rette Plassen der. Der skulde alle Tankarne og Idearne mine bløma og veksa seg store, der skulde eg faa sterke Vengjer til aa bera dei fram for Verdi paa. Sosnart eg saag Byen, so saag eg og den heile ljose Verdi framfyre meg.

 

Inkje var det rart, at eg stirde fram etter den Gongen. Men no? _

 

Kvar var det vorte av Tankarne mine no? og den ljose Livssyni? Eg maatte tenkja paa den Gaslygti, som sloknad for Augo mine uppe paa Bryggja; kanskje var det gjenget so med Tankarne? Eg saag Røykjen fraa Eimbaaten, han breidde seg utyver Sjøen og kvarv vekk i den svarte Natti. Kanskje var dei gjengne den Vegen Tankarne mine og? Eg hadde iallfall stor Grunn til aa vona det.

 

So mykje godt hadde soleids Kristiania gjevet meg _ teket fraa meg den ljose Livssyni og gjort meg til ein tankelaus og viljelaus Stakar, ein som vender seg dit Vinden blæs, nett liksom Veerhanen paa eit Kyrkjetaarn.

 

Soleids stod eg og ”filosoferte” langt ut paa Notti, til des eg vart trøyt og sømnug. So gjekk eg ned i Romet og lagde meg. Det er inkje berre med meg det hev gjenget paa den Maaten, tenkte eg, og kanskje hev eg lært eitkvart godt i Kristiania lel _. So somnad eg.

 

D.

 

Frå Fedraheimen 21.01.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum