Boksjaa.


Foredrag over Israels Historie . Af V.Ullmann. Karl Schønbergs Forlag, Kjøbenhavn, 323 Sidur. Pris 4 Krunur.

Denne Boki kom ut fyre Jol, og ho er god aa hava baade i Joli og andre Tider. Det vert skrivet Bøker, som sannprovar, at dei heilage Skrifter er ægte, og det er fulla naudturvelegt. Men Nytten kann verta uviss, naar kristne berre kann tala um det, at dei er so og so framifraa, hev ingen Hug til aa lesa i dei, elder um dei tvingar seg til det, so vert det inkje stort korkje av Klaarskapen elder Hjartelaget etterpaa. Det gjeng som det lenge var med meg og Soga. Ja Soga skulde vera gjæv og gild. Morosame var mange Stubbar, men so reint ovgjævt? Nei det var litet merkjande, og det var inkje mi Skuld.

Ullmann hev lenge teket fram til livande Bruk dei heilage Skrifter. Og unge og gamle, som høyrde paa, maatte sanna, at det gamle var nytt og det nye gamallt.

Det er reint syrgjelegt, kor litet Livsupplysning Folk hev fenget utav Skrifterne. Paa Skularne hev dei katikiserat etter Lærdomar og Livereglar, til Ungdomen vart leid og kjeid. Og i Kyrkjurne hev dei fortolkat og ræsonerat yver Vers etter Vers, som Juristar yver Lovparagrafer, elder anført Bibelsteder, til Studnad for denne og hi Uppfatning. Berre dei mindste Borni maatte faa sjølve Soga, og det var berre ei Fyrebuing til den Dag dei skulde svara.

Dette maa vera Grunnen til, at Bibelsoga møter so forunderleg ny i desse Fyredrag, der ho er verkjeleg Soga, _ der ein ser Tankar og Uppgaavur bryt seg i Menneskjur med ymse Huglag, med Synd og Veilur, med Naturgaavur og Folkearv, og der me er vakne med, skynar Herrens Veg og ser, korleids Mannen driv til og fraa plent som i vaare Dagar.

Paa slikt Vis vitnar Skrifterne sjølve um sitt Verde for dei kristne, og for hine var det fulla til inkjes, um det vart skrevet aldri so fullgode og lærde Bøker til aa visa, at Skrifterne er ægte. Hev du ikkje eit ærlegt Andlit, so hjelper det litet for Tvilaren, um du kann syna mange Brev paa, at du er ein ærleg Kar. Og kannhenda Tvilaren og maatte lyda, naar han saag Herlegdomen i Skrifterne.

Ullmann er gløgg og fin, ja finare formad Bok hev eg inkje leset paa lenge. Og ho er lett aa lesa, ho er ei av dei Bøker, som det synest vandalaust aa skriva Maken til, fordi ein inkje ser Bokskrivarens Arbeid, og fordi han ræsonerar so litet, og alt flyt so lett og naturlegt saman.

Det maa vera ei Bok aa lesa høgt, og Ung- domen vil tykkja Mun i aa høyra um Kong Saul, David, Profeten Elia, Profeten Elisa og Jehuætti, Profeten Jesaja og Kongarne Usia, Akas og Hiskia og so Talarne hans er tyngre aa fylgja, endaa desse og kjem i sin historiske Samanheng.

Prestar og Lærarar skulde vel ikkje hava mindste Gagnet av Boki, endaa ho ikkje paa nokor Leid tok seg ut som eit Lærdomsverk.


Men alt, som kann hjelpa dei til aa bruka Skrifterne til Gagns, maa dei vera takksame for, og eg veit ingi Bok hjaa oss, som kann det betre enn denne. Ho er lærerik utan aa vera lærd, og ho er historisk og uppbyggjeleg paa same Tid.

Folkehøgskuleungdomen og Folkehøgskulelærarne er vel dei fyrste, som kauper henne, men det gjer dei og, som, endaa dei er usamde med Ullmann i mangt, likevel med Gleda hev høyrt bibelske Fyredrag av honom.

Og eg ynskjer, at Ullmann snart giv ut fleire av sine Fyredrag yver den heilage Soga.


Oddmund Vik.