[Tidender.] Tyskland.


No fyrre Maandagen var Krigsbudsjettet framme i Riksdagen, og det vart daa haldet eit Ordskifte um Soldatarne og Politikken. Sosialdemokraten Vollmar klagad yver, at Soldatarne inkje fekk Lov til aa gaa paa dei Vertshusi dei vilde. Det var til sume Vertshus dei inkje fekk Lov aa koma, daa Offiserarne trudde at dei raadde ei Aand, som var skadeleg for Heren. Men Talaren meinte, at Soldaten inkje var annat enn ein Borgar, og difor burde han og hava sama Retter som andre Borgarar. Krigsministaren svarad og sagde, at alt slikt var gjort, for at den rette Lydnaden skulde vera i Heren, og han trudde inkje det vilde falla nokon Soldat tungt aa halda dei Paabod, som var gjevne honom. Engen Richter (frilynd) sagde, at han nok kunna skyna, at dei militære Styresmenn vilde halda Soldatarne vekk fraa dei politiske Parti; men daa burde dei helder inkje driva Agitasjon sjølve. Men ein Stad i Pommern hadde ein Stabsoffiser sagt til Soldatarne at dei skulde visa Lydnaden sin ved aa gjera som Keisaren vilde og røysta som det altid hadde voret røystat der i Valkrisnen. Slike Talar burde ein Offiser aldri halda, meinte Richter. Ein annan Riksdagsmann sagde, at det var forbodet Soldatarne aa ganga inn til Kaupmenn, som hadde skrive tunder Valupprop som ikkje Styringi likad. Krigsministaren trudde inkje, der sat nokon i Riksdagen, som hadde imot, at Soldatarne vart minte um, at dei var skulduge Keisaren Truskap. Politisk Partistrid burde vera burte fraa Heren; men ein fekk inkje gløyma, at kvar Soldat burde tru so fast paa det som paa ein Trudomslærdom at alt det Keisaren gjorde var til Landsens Beste. Det er den Leidestjerna me alle bør hava for Augo so lenge me liver, so lenge det bankar eit trufast Soldathjarte i Bringa vaar. Det vart vidare sagt, at det var vandt for ein Soldat aa faa Retten sin mot Offiserarne. Det var mislikt, at dei klagad og Offiserarne hadde so mange Maatar aa gjera Livet surt for Soldaten paa, at Soldaten helder tagde seg enn klagad.