[Tidender.] Raaskap.


I Birkenhead (England) er det no ei stygg Sak for Retten. Eit amerikansk Skip reiste fraa San Francisko i August f. A. og skulde til England. Det var 25 Mann Skipsfolk umbord, og bland dei ein Finn, som heitte Janson. Finnen var nokot sein av seg, difor fekk han jamt baade Spark og Spenn av 2dre Styrmannen og Baatsmannen, like fraa han kom umbord. Den 8de Oktober var Skipet ved Kap Horn, og Janson, som den Dagen hadde fenget mykje Juling, vart sendt paa Utkik upp paa Bakken. Han var saar av Slagi han hadde fenget, difor stod han og studde seg. Baatsmannen kom forbi, og daa han saag det, gav han Janson eit Spark og kastad honom ned paa Dekket; der vart han liggande. Eit Bil etter gav 2dre Styrmannen Vakti Paabod um aa surra Janson til Formers-skautet, og, for at det skulde vera dess meire vondt, skulde dei lata honom berre so vidt naa i Dekket med Tæerne. So vart gjort, og der laut han staa i heile 2 Timar. Han var tunnklædd og fraus, og Krefterne tok snart av; Hovudet hekk ned snart paa den eine og snart paa den andre Sida. Dei sagde daa til 2dre Styrmannen, at Janson heldt paa aa setja Livet til; men han berre svarad, at til fyrr han døydde dess betre. Daa Vakti var slutt, skar dei Janson ned; men han var daa reint stiv av Kulde, og det var Uraad aa faa liv i honom att. Eit Par Timar etterpaa døydde han. Det er endaa inkje fallet nokon Dom i Saki.