Sommarprogram i Aasen-tunet
Anders Aanes (konst. dagleg leiar, t.v.), Sunniva Lund Osdal (prosjektmedarbeidar) og Ingrid Opedal (tunvert) ønskjer velkomen til sommarbesøk i Ivar Aasen-tunet.Foto: Sigbjørn Mork

Sommarprogram i Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet har ope alle dagar frå 1. juni til 15. august. Eit besøk her kan gi deg både nye tankar om språk, turopplevingar i nærområdet og ei god matøkt i kafeen.

I tillegg har museumsbutikken mykje å by på.

– Ein tur i Aasen-tunet byd på opplevingar for mange sansar, seier tunvert Ingrid Opedal.

– Her kan ein få kunnskap, oppleve finurlege detaljar ved arkitekturen til Sverre Fehn, og ein kan kjøpe eit smakfullt måltid med noko godt å drikke til i kafeen, seier ho.

For barna er det fleire aktivitetar å velje mellom. Mellom anna kan ein finne verdas minste kinosal i utstillinga, og kvar søndag blir det tur til Høgetua med høgtlesing der.

– I tillegg har vi eit nytt tilbod der både barn og vaksne kan få prøve seg på ein litt utdøyande kunst: brevskriving, seier Anders Aanes, konstituert dagleg leiar i Aasen-tunet. Lurivar er ein populær figur for nyfikne barn, og i år inviterer han til sommarfest for familiar fredag 12. juli og fredag 2. august

– I tillegg får vi ei flunkande ny temautstilling som opnar 13. juni under Festspela. I år handlar denne om litteraturen til festspeldiktar Carl Frode Tiller, seier Aanes.

5. august feirar vi tradisjonen tru Ivar Aasens bursdag, med gratis kake til alle gjester.