Snakk om språk
Malin Aakre og Richard Olsen snakkar om språk med 10. klassingarFoto: HumbersetFOTO

Snakk om språk

Eit formidlingstilbod for ungdomstrinnet der målet er å skape undring over språk og språkval ein gjer.

I dette opplegget får elevane møte to profesjonelle utøvarar som er opptekne av språk. Produksjonen har form som ei framsyning med aktiv deltaking frå tilhøyrarane. I samtalen kjem dei inn på elevars og eigne haldningar til språk. Dei diskuterer skriftspråksituasjonen, dialektbruk, språkendringar, språk og makt og språkleg vane. Med i tilbodet er ei utstilling om ungdom og språk, og programmet blir bygd opp rundt denne temautstillinga. Tema som blir tekne opp er: sjølvsagt, stolt, vane og språkleg kultur.

Snakk om språk! er ikkje eit misjonsprosjekt som vil ha alle elvar til å snakke dialekt og skrive nynorsk. Målet er å skape refleksjonar kring språk og det å vere språkbrukar, gjere elevane bevisste på at språk er viktig! Språk heng saman med identitet og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer.

Til framsyninga er det utarbeidd oppgåver og samla artiklar og relevante lenkjer.

Kontakt formidlar Ida Aarflot Kornberg for meir informasjon eller for å gjere avtale:

ida.kornberg@aasentunet.no 70 04 75 81