Omvisingstilbod for skular

Vi tilbyr omvisingar som er godt eigna for skuleelevar. Ta kontakt, så skreddarsyr vi eit opplegg for dykkar gruppe.

Omvisinga tek utgangspunkt i livet og arbeidet til Ivar Aasen. Elevane får sjå filmen om Ivar Aasen. Deretter gir vi ei omvising ute i Gamletunet og inne i basisutstillinga.

Elevane får eit innblikk i dei gode historiene om Ivar Aasen, dei får sjå tinga hans og blir meir kjende med kven han var og kva han gjorde. Etter omvisinga kan dei vere med på oppdagingsferd i utstillinga, eller elevane kan gå rundt fritt sjølve.

Omvisingstilbodet varer i om lag 90 minutt, men vi kan tilpasse lengda på opphaldet slik de ønskjer det. 

Alle klassetrinn

 

Prisar:

20 kroner per elev

Lærar går gratis 

Matpause

Ta gjerne med nistepakke som de kan ete i kafeen eller ute om det er fint ver. Om de vil bestille mat i kafeen, må de gjere dette på førehand. Sjå eigen meny for skuleklassar. 

For meir informasjon kontakt oss på telefon 70 04 75 70 eller post@aasentunet.no.