Barnekunstutstilling

Kvar haust har vi barnekunstutstilling i Ivar Aasen-tunet.

Gjennom den årlege barnekunstutstillinga i Ivar Aasen-tunet inviterer vi barnehagar i regionen til å delta i eit kreativt prosjekt med fokus på mål frå Rammeplanen.

 

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

• uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
• bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar
• møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

• bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede
• får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne
• møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre
• bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk
• kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle

(Rammeplan for barnehagen, 2018)

Vi bruker ei nynorsk barnebok som utgangspunkt for arbeidet, og barnehagane som melder seg på får eit eksemplar av boka i gåve frå det aktuelle forlaget . Barnehagane les boka og lagar kunst som passar til tematikken i forteljinga. Kunsten barnehagane leverer blir utstilt i Aasen-tunet.

Opningsdagen kjem ungane som har laga kunst på besøk til Aasen-tunet. Vi har fleire utstillingsopningar, slik at det ikkje blir for fullt i salen. Vi tilbyr ei høgtideleg opning med song, snorklipping og varm kakao.

Vi har hatt utstillingar både ute og inne. I 2014 var utstillinga inne. Då var det rekordpåmelding med 27 barnehagar, og over 400 barn bidrog med kunst. Hausten 2018 var over 300 barn med på utstillinga.

Utstillinga heng oppe heilt fram til jul. Under familiearrangementet i Aasen-tunet første søndagen i desember er utstillinga open for alle. Erfaringa vår er at mange tek turen til Aasen-tunet denne dagen.

Vi har hatt barnekunstutstillinga i Ivar Aasen-tunet sidan 2008. Det første året var tunkatten Lurivar si songbok på lurivar.no utgangspunkt for utstillinga. Sidan 2009 har vi brukt nynorske barnebøker. Du kan sjå bilete av kunsten ved å klikke på boktittelen. 

For meir informasjon, kontakt formidlar Ida Kornberg
ida.kornberg@aasentunet.no 70 04 75 81 


Sida er under arbeid, omtale og bilete frå tidlegare utstillingar kjem.