Tilbake til alle arrangement

Uppskoke

laurdag, 4. september 2021
Knut Hamre, Arnhild Litlere, Endre Hellestveit og Rannveig Djønne
Venelaget Hauge inviterert til konsert på Rossvoll.

«Alle er jo frå ein eller annan stad, det er inga bragd, men det har svært ulik innverknad på diktinga til ulike diktarar. I Olav H. Hauge si dikting er det slik at Hardanger har gitt diktaren språk, haldningar og røynd», skriv Einar Økland ein stad. Me kunne lagt til at tunet på Rossvold i Ulvik både er ein utkikks-stad og ein scene for mykje av den særmerkte diktinga hans. Med denne uppskoka byr me berre på ein liten smak.

Med Endre Hellestveit, Arnhild Litlere, Rannveig Djønne og Knut Hamre. Kunstnarleg rådgjeving ved Ola E. Bø og Nils-Erik Kvamme.

Vidare program:
Kl 15 00- 15 30  Utdeling av  Amboltprisen
Kl 16 00 – 17 00  Årsmøte Venelaget Olav H. Hauge

  • Type:
  • Tid: 4. september 2021 - 14:00 - 15:00