Tilbake til alle arrangement

UTSELD: Song, trø lett på hjarta mitt: Kari Bremnes i samtale med Kari Hesthamar

laurdag, 4. september 2021

Kari Bremnes er ein av landets fremste songlyrikarar. Tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og livsbeskrivande tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvend stemning. Som tekstforfattar går Bremnes ofte frå det ljose til det ganske så mørke og rå. Kva er startpunktet for Bremnes si skriving? Korleis arbeider ho med å smi orda sine?

Kari Bremnes møter journalist Kari Hesthamar til ein samtale om det skrivande livet, og om forholdet til nord og naturen.

Kari Bremnes (f. 1956) frå Svolvær i Lofoten debuterte i 1980 med utgjevinga Folk i husan saman med broren Ola Bremnes. Ho har sidan den gong gjeve ut 18 soloalbum og medverka på ei rekkje utgjevingar med andre musikarar. Bremnes er cand.mag. i nordisk språk og litteratur, historie og teatervitskap frå UiO.

Kari Hesthamar (f. 1971) er radiodokumentaristen frå Hardanger som samlar på lyd. Gjennom over 20 år i NRK veit journalisten og forfattaren Hesthamar betre enn dei fleste korleis ein mikrofon kan brukast til å fanga lyttaren inn i nye rom og nye univers. Ho har laga fleire prislønte dokumentarar, og i 2008 gav ho ut boka So Long, Marianne. Ei kjærleikshistorie.

  • Type:
  • Tid: 4. september 2021 - 15:00 - 16:00
  • Stad:Elvatun