Tilbake til alle arrangement

Sjeldan fugl

fredag, 3. september 2021

Poesikonsert med Annlaug Børsheim

Musikar Annlaug Børsheim har tonesett fleire dikt frå Hilde Myklebusts nyaste diktsamling Kvar ein fugl. Dikta til Hilde Myklebust spring ut frå ein gard i ein fjelldal. Det er dikt med djupe røter og ein sterk, tydeleg nærleik til naturen. I eit biletsterkt språk fortel dikta om garden som ein stad som ser liv kome og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker, gamle tre og i fuglane som flyg over tunet.

I tillegg til songar basert på Hilde Myklebust sine dikt blir det også litt slåttespel frå Hardanger og Ulvik.

Musikar og låtskrivar Annlaug Børsheim (f. 1982) er frå Ulvik i Hardanger. Ho arbeider innanfor eit vidt spekter av musikk og har mellom anna tonesett norsk poesi og tekstar frå ulike forfattarar.

Arrangementet er i samarbeid med Ulvik herad og Den kulturelle spaserstokken. Fri inngang for pensjonistar.

  • Type:
  • Tid: 3. september 2021 - 13:00 - 13:30
  • Stad:Ulvik omsorgstun