Tilbake til alle arrangement

Rita som i ein draum

sundag, 5. september 2021
Katrine Hanson, Raghild M. Gulbrandsen, Reidun Horvei og Inger Kristine Rieber

Rita som i ein draum er ei musikalsk framsyning bygd på tekstar, dikt og dagbøker etter Olav H. Hauge. Folkesongar Reidun Horvei og litteraturvitar Katherine J. Hanson har knytt over 30 tekstar saman til ei reise som søkjer lyden av Hauge sitt draumelandskap. Rita som i ein draum teiknar ei utvikling med moment av humor, drama og angst, men også med ei stille som byd på openheit, refleksjon og meditasjon. Med draumen som sentralt tema speglar framsyninga diktarlandskapet og den skapande fantasien til Hauge, knytt opp til naturbilete i ein årssyklus.

Musikken er skriven for vokal, piano og elektronikk av Inger-Kristine Riber. Olav H. Hauge var særskilt oppteken av kinesisk poetikk, der naturen, einsemd, kontemplasjon og dikting står tydeleg i tilhøve til kvarandre. Inspirert av dette har Riber nytta element av norsk og asiatisk folkemusikk og skrive musikk med det føremålet å ta publikum med på ei reise i Olav H. Hauges poetiske landskap.

Reidun Horvei: song, opplesing
Inger-Kristine Riber: piano
Katherine Jane Hanson: innleiing
Ragnhild M. Gudbrandsen: regi

Utdeling av Amboltprisen 2021

  • Type:
  • Tid: 5. september 2021 - 15:00 - 16:00
  • Stad:Kongressen