Tilbake til alle arrangement

Poetisk møte med Erlend O. Nødtvedt

sundag, 5. september 2021

Poet Erlend O. Nødtvedt (f. 1984) blei i 2018 den fyrste mottakaren av Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. Han fekk prisen for å ha fornya det lyriske språket samstundes som han lyftar fram fleire litterære uttrykk og tradisjonar. Nødtvedt trekkjer sjølv fram Hauge som ei viktig inspirasjonskjelde i forfattarskapen sin.

Poet og kritikar Sindre Ekrheim (f. 1976) har fylgt Nødtvedt sin poesi sidan debuten i 2008. I denne samtalen lyftar Ekrheim fram sentrale tema frå Nødtvedts samlingar. Det blir ein samtale om både lyrikk og rytmikk, og me får høyre Nødtvedt lese.

  • Type:
  • Tid: 5. september 2021 - 12:00 - 13:00
  • Stad:Elvatun