05september sundag
Sudan Dudan
Konsert

Sudan Dudan

Time: sundag, 5. september 2021 12:00 - 13:00 / Kongressen
Duoen Sudan Dudan har vekt stor åtgaum for musikk sin og samspelet sitt. Dei lagar låtar med rot i norske slåttemusikk og hentar inspirasjon frå amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues. Med gitar, langeleik, munnharpe og tostemt vokal har dei funne si heilt eigne akustiske toneverd, som både kritikarar og publikum har trykt tett til brystet. […]

Poetisk møte med Erlend O. Nødtvedt

Time: sundag, 5. september 2021 12:00 - 13:00 / Elvatun
Poet Erlend O. Nødtvedt (f. 1984) blei i 2018 den fyrste mottakaren av Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. Han fekk prisen for å ha fornya det lyriske språket samstundes som han lyftar fram fleire litterære uttrykk og tradisjonar. Nødtvedt trekkjer sjølv fram Hauge som ei viktig inspirasjonskjelde i forfattarskapen sin. Poet og kritikar Sindre […]
Eg er eg er eg er

Eg er eg er eg er – Barnekonsert med Annlaug Børsheim og Ruth Lillegraven

Time: sundag, 5. september 2021 13:00 - 13:30 / Gapahuken på Tunheim
Då musikar Annlaug Børsheim las diktboka Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven for fyrste gong var det som om dikta traff både den vesle jenta i ho og den vaksne dama, ofte i eitt og same dikt. Dikta var fulle av liv og undring, dei var vakre og melankolske, og så musikalske […]

Lesing ut frå festivaltema

Time: sundag, 5. september 2021 14:00 - 15:00 / Elvatun
Katrine Heiberg les i staden for Kristin Berget saman med Casper André Lugg. Lyrikarane Casper André Lugg, Katrine Heiberg og Hilde Myklebust skriv alle poesi med utgangspunkt i ei naturkjensle. Me får høyra dei lesa frå diktsamlingane sine.  Casper André Lugg (f. 1985) debuterte med diktsamlinga Lite rekviem (2011) og har sidan gjeve ut sju […]
Katrine Hanson, Raghild M. Gulbrandsen, Reidun Horvei og Inger Kristine Rieber

Rita som i ein draum

Time: sundag, 5. september 2021 15:00 - 16:00 / Kongressen
Rita som i ein draum er ei musikalsk framsyning bygd på tekstar, dikt og dagbøker etter Olav H. Hauge. Folkesongar Reidun Horvei og litteraturvitar Katherine J. Hanson har knytt over 30 tekstar saman til ei reise som søkjer lyden av Hauge sitt draumelandskap. Rita som i ein draum teiknar ei utvikling med moment av humor, […]

Langlesing av Hauge-dikt: Anna Kleiva

Time: sundag, 5. september 2021 15:00 - 16:00 / Rossvoll
Anna Kleiva les Hauges diktsamling Janglestrå frå 1980.