04september laurdag
Naboen min
Konsert

Naboen min

Time: laurdag, 4. september 2021 12:00 - 13:00 / Kongressen
Velkomen til ein sprudlande familiekonsert med bandet Naboen min! Her blir det songar om alt frå romvesen til kenguruar – og alle som vil, kan bli med på dansen! Naboen min er ein duo som består av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. For debutalbumet Rockesock (2018) vann dei Spellemannsprisen i kategorien […]

Nye poetiske røyster

Time: laurdag, 4. september 2021 13:00 - 14:00 / Lekve Gard
Kva rører seg i den nye poesien, og kven skriv han? Korleis er livet etter at den fyrste diktsamlinga er ein realitet? Møt lyrikarane Maiken Horn Bolset og Svanhild Amdal Telnes i samtale med forfattar Anna Kleiva. Maiken Horn Bolset (f. 1989) debuterte med samlinga Narr i 2016. Bolset skriv med ein villskap og eit […]
Litterær samtale

UTSELD: Me trudde verdi her er til for oss

Time: laurdag, 4. september 2021 13:00 - 14:00 / Elvatun
Samtalen mellom Casper Andrè Lund, Kristin Berget og Live Lundh går no utan Kristin Berget. Temaet for årets festival er Naturtap. I Olav H. Hauges poesi finn ein mange dikt som handlar om forholdet vårt til naturen, og festivaltemaet spring ut frå eit dikt Hauge gav ut i 1980: «Me trudde verdi her er til for oss». […]

Uppskoke

Time: laurdag, 4. september 2021 14:00 - 15:00
Venelaget Hauge inviterert til konsert på Rossvoll. «Alle er jo frå ein eller annan stad, det er inga bragd, men det har svært ulik innverknad på diktinga til ulike diktarar. I Olav H. Hauge si dikting er det slik at Hardanger har gitt diktaren språk, haldningar og røynd», skriv Einar Økland ein stad. Me kunne […]

UTSELD: Song, trø lett på hjarta mitt: Kari Bremnes i samtale med Kari Hesthamar

Time: laurdag, 4. september 2021 15:00 - 16:00 / Elvatun
Kari Bremnes er ein av landets fremste songlyrikarar. Tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og livsbeskrivande tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvend stemning. Som tekstforfattar går Bremnes ofte frå det ljose til det ganske så mørke og rå. Kva er startpunktet for Bremnes si skriving? Korleis arbeider ho med […]

Epledikt i eplehagen

Time: laurdag, 4. september 2021 15:00 - 15:30 / Lekve Gard
Mette Moestrup er ein poet som elskar eple og epletre. Heilt sidan ho var lita, har eple og epla sin symbolikk fascinert henne. I diktsamlinga Golden Delicious frå 2002 var det grøne eplet eit sentralt punkt – og det handla om ungdomens eple. I samlinga Til den smukkeste: 117 digte frå 2019 har epla blitt […]
Konsert

UTSELD: Erlend O. Nødtvedt & Erlend Apneseth trio

Time: laurdag, 4. september 2021 17:00 - 18:00 / Kongressen
Forfattaren Erlend O. Nødtvedt og bandet Erlend Apneseth trio har følgt kvarandre sidan 2009, då dei samarbeidde for fyrste gong under opninga av Litteraturhuset i Bergen. Til Poesifestivalen 2021 kjem dei med eit tingingsverk i skjeringspunktet mellom lyrikk og musikk. I Erlend O. Nødtvedts poesi flyttar språket seg høgt og lågt i ei grenselaus blanding […]

Langlesing av Hauge-dikt: Øyvind Rimbereid

Time: laurdag, 4. september 2021 17:00 - 18:00 / Lekve Gard
Øyvind Rimbereid les Hauges diktsamling På ørnetuva frå 1961.

Langlesing av Hauge-dikt: Ruth Lillegraven

Time: laurdag, 4. september 2021 17:00 - 18:00 / Elvatun
Ruth Lillegraven les Hauges diktsamling Dropar i austavind frå 1966.
Konsert

UTSELD: Kari Bremnes 2021

Time: laurdag, 4. september 2021 22:00 - 23:00 / Kongressenteret (BKKS)
Kari Bremnes har gjennom 30 år etablert seg som ein av landets fremste songlyrikar. Tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og livsbeskrivande tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning. Det er fyrste gong Bremnes gjestar Ulvik og Poesifestivalen.