Tilbake til alle arrangement

Naboen min

laurdag, 4. september 2021
Naboen min

Velkomen til ein sprudlande familiekonsert med bandet Naboen min! Her blir det songar om alt frå romvesen til kenguruar – og alle som vil, kan bli med på dansen!

Naboen min er ein duo som består av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. For debutalbumet Rockesock (2018) vann dei Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk. I 2021 er dei aktuelle med den rykande ferske plata Alt blir feil. Musikken spenner frå rock til viser, og i tekstane er det plass til både humor og alvor. Live har bandet med seg seg Einar Olsson (trommer) og Eirik Utne (bass).

  • Type: Konsert
  • Tid: 4. september 2021 - 12:00 - 13:00
  • Stad:Kongressen