Tilbake til alle arrangement

UTSELD: Me trudde verdi her er til for oss

laurdag, 4. september 2021

Samtalen mellom Casper Andrè Lund, Kristin Berget og Live Lundh går no utan Kristin Berget.

Temaet for årets festival er Naturtap. I Olav H. Hauges poesi finn ein mange dikt som handlar om forholdet vårt til naturen, og festivaltemaet spring ut frå eit dikt Hauge gav ut i 1980: «Me trudde verdi her er til for oss».

Poesien kan både formidle  felles erfaringar og kasta nytt ljos over tap av landskap, artar, mangfald og varsemd i naturen. Korleis opplever og erfarer me menneske desse endringane som skjer rundt oss? Når blei menneskelivet fråskilt livet i naturen? Er naturen blitt så abstrakt for det moderne mennesket at dei fleste av oss har vanskeleg for å ta innover oss kva det er som går tapt?

Mange av dagens poetar tek for seg ulike aspekt ved klimaendringane i diktinga si.
Kan poesien vera ein inngang, eit hjelpemiddel for å forstå kva det er som er i ferd med å gå tapt? Kan poesien gjera det heile meir handgripeleg for oss? Kan poesien vekkja oss?

Casper André Lugg samtaler med litteraturvitar og kritikar Live Lundh.

  • Type: Litterær samtale
  • Tid: 4. september 2021 - 13:00 - 14:00
  • Stad:Elvatun