Tilbake til alle arrangement

Litterær lunsj: Gamle menn i syningom

fredag, 3. september 2021

Poesifestivalen inviterer til litterær lunsjpause på Voss.

Med Gamle menn i syningom (2021) har forfattar Arnfinn Kolerud skrive ein roman som går til kjernen i den norske språkstriden.

Me er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda tek likevel high five når dei møtest, og dei har ingenting imot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden – og ein fornærma konge sjokkerer ved å gje eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen?

Arnfinn Kolerud (f. 1968) er ein profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar som har vunne fleire litterære prisar. Han er ein forfattar med språkleg kreativitet og ordleik, med handlingar lagde nær opp til kvardagslivet og ein jordnær røyndom – men med rom for fantasirike innfall.

Arrangementet er i samarbeid med Voss herad.

  • Type:
  • Tid: 3. september 2021 - 13:00 - 13:30
  • Stad:Gamlekinoen, Voss