Tilbake til alle arrangement

Lesing ut frå festivaltema

sundag, 5. september 2021

Katrine Heiberg les i staden for Kristin Berget saman med Casper André Lugg.

Lyrikarane Casper André Lugg, Katrine Heiberg og Hilde Myklebust skriv alle poesi med utgangspunkt i ei naturkjensle. Me får høyra dei lesa frå diktsamlingane sine. 

Casper André Lugg (f. 1985) debuterte med diktsamlinga Lite rekviem (2011) og har sidan gjeve ut sju diktsamlingar. Lugg sin poesi er prega av det sårbare og umistelege ved naturformene. I dikta får me kjenna på sorga som ligg i naturen sitt tap av balanse og mangfald. I samlinga mariabiotopene (2020) ligg sjølve inspirasjonskrafta bak dikta i naturen og det vegetative – biotopen. I Lugg si nyaste samling, Sted for løpende hjerte (2021), finn me poesi der formspråket og tematikken skiftar gjennom boka, men samtidig er innramma av poetiske øvingar i møte med naturen.

Katrine Heiberg (f. 1992) er frå Son og bur i Bergen. Ho debuterte med diktsamlinga Det gule bladet, den svarte pupillen i 2018.

  • Type:
  • Tid: 5. september 2021 - 14:00 - 15:00
  • Stad:Elvatun