Tilbake til alle arrangement

Klodeklubben – Skulebesøk med forfattar Ruth Lillegraven

fredag, 3. september 2021
Dette er eit lukka arrangement for elevar ved Brakanes skule.

Ruth Lillegraven frå Granvin er forfattaren bak barnebokserien Klodeklubben – ein spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6–9 år. Bok nummer tre i serien, Fanga på fjorden, kom ut i vår. I Klodeklubben møter me Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje.

Ruth Lillegraven les frå boka, og du får bli med dei tre venene på jakt etter miljøskurkar.

Arrangementet er i samarbeid med Ulvik herad.

  • Type:
  • Tid: 3. september 2021 - 10:00 - 11:00
  • Stad:Brakanes skule