Tilbake til alle arrangement

Epledikt i eplehagen

laurdag, 4. september 2021

Mette Moestrup er ein poet som elskar eple og epletre. Heilt sidan ho var lita, har eple og epla sin symbolikk fascinert henne. I diktsamlinga Golden Delicious frå 2002 var det grøne eplet eit sentralt punkt – og det handla om ungdomens eple. I samlinga Til den smukkeste: 117 digte frå 2019 har epla blitt blodraude! Her er det blodeple, stridseple og spøkelseseple som har hovudrolla. Diktsamlinga er gjendikta til norsk av Eira Søyseth.

I eplehagen på Lekve kan du høyra Moestrup lesa eit utval dikt frå desse to samlingane.

Danske Mette Moestrup (f. 1969) debuterte i 1998 med samlinga Tatoveringer, og i 2019 kom den sjette diktsamlinga Til den smukkeste: 117 digte. Moestrup er ein av dei fremste nordiske samtidspoetane og samfunnsdebattantane våre. Ho er kjend for nyskapande poesi og ein performativ opplesingsstil. Moestrup har vunne ei rekkje prisar for forfattarskapen sin. Ho er tilsett som skrivelærar ved skrivekunstakademia i Bergen, Gøteborg og København, og ho er redaksjonsmedlem i Forfatternes klimaaksjon.

  • Type:
  • Tid: 4. september 2021 - 15:00 - 15:30
  • Stad:Lekve Gard