Tilbake til alle arrangement

Eg er eg er eg er – Barnekonsert med Annlaug Børsheim og Ruth Lillegraven

sundag, 5. september 2021
Eg er eg er eg er

Då musikar Annlaug Børsheim las diktboka Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven for fyrste gong var det som om dikta traff både den vesle jenta i ho og den vaksne dama, ofte i eitt og same dikt. Dikta var fulle av liv og undring, dei var vakre og melankolske, og så musikalske og rytmiske.

Annlaug ville sette musikk til desse dikta, og i 2019 tonesatte ho nokre av dei til teaterserien Alle har en liten dør bak øret.  Det var så inspirerande at ho stadig måtte finne nye melodiar til fleire av desse dikta. No har det blitt så mange at det rekk til ein heil konsert!

Denne sundagen i september møtes dikt og musikk, poet og musikar på same scene her i Ulvik.

Parkering på Tunheim er ikkje mogeleg denne dagen. Me oppmodar små og store festivalgjester om å ta beina fatt til konserten. Det er elles mogeleg å parkere ved Ulvik Barnehage på Nedre Lekve. For dei som av ulike grunnar ikkje kan gå frå hovudvegen på Lekve og opp til Tunheim er det mogeleg å køyre opp til uteløa på Tunheim for så å snu der. Arrangementsansvarleg på staden vil hjelpe deg.

Velkomen til konsert med Annlaug og Ruth!

  • Type:
  • Tid: 5. september 2021 - 13:00 - 13:30
  • Stad:Gapahuken på Tunheim