03september fredag

Diktblomar til Olav H.

Time: fredag, 3. september 2021 10:00 - 10:30 / Allmenningen
Fri inngang. Dagen tek til med lesing av dikt frå skriveverkstaden Olav H. og eg, der dikta er skrivne av elevar frå Brakanes skule. Det blir lagt ned blomar ved bautaen over diktinga til Olav H. Hauge.
Les meir Free

Lyrikkseminar / Naturen i poesien 

Time: fredag, 3. september 2021 12:00 - 14:00 / Elvatun
Me held fram med seminartradisjonen på Poesifestivalen! Lyrikkseminaret 2021 undersøkjer poesi som handlar om natur. I poesien blir naturen framstilt på ulike måtar: Naturen kan vere idyllisk og idealisert, naturen kan vere bilete på noko menneskeleg, og poesien kan gjere naturtap og klimakrisa til tema. Tre diktlesarar legg fram sine tolkingar av norske naturdikt. Innleiarane har fått velje fritt kva lyrikarar og kva dikt dei vil trekkja fram. Poet og litteraturkritikar Katrine Heiberg kjem med innlegget «Også naturen er et språk», som handlar om Casper André Luggs Tilgi det virkeliges blomstring (2018) og mariabiotopene (2020). Fredrik Parelius, stipendiat ved Universitetet i Bergen, held innlegget «Det levende landskapet i Olav H. […]

Sjeldan fugl

Time: fredag, 3. september 2021 13:00 - 13:45 / Ulvik omsorgstun
Fri inngang for pensjonistar.  Musikar Annlaug Børsheim har tonesett fleire dikt frå Hilde Myklebusts nyaste diktsamling Kvar ein fugl. Dikta til Hilde Myklebust spring ut frå ein gard i ein fjelldal. Det er dikt med djupe røter og ein sterk, tydeleg nærleik til naturen. I eit biletsterkt språk fortel dikta om garden som ein stad […]
Les meir Free

Litterær lunsj: Gamle menn i syningom

Time: fredag, 3. september 2021 13:00 - 13:30 / Gamlekinoen, Voss
Poesifestivalen inviterer til litterær lunsjpause på Voss. Med Gamle menn i syningom (2021) har forfattar Arnfinn Kolerud skrive ein roman som går til kjernen i den norske språkstriden. Me er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda tek likevel high five når dei […]
Thomas Hylland Eriksen

Festivalopning

Time: fredag, 3. september 2021 17:30 - 18:30 / Elvatun
Opningstale ved sosialantropolog og forskar Thomas Hylland Eriksen. Lesing ved inviterte poetar . Utdeling av Olav H. Hauge-stipendet 2020.
Konsert

Sandra Kolstad: Elv på himmelen

Time: fredag, 3. september 2021 19:30 - 20:30 / Kongressen
Sandra Kolstad er ein musikar og komponist som ofte arbeider i skjeringspunktet mellom musikk og litteratur. Kolstad har også debutert som forfattar i år, med romanen To ord for ødeleggelse. I 2019 gav Kolstad ut albumet Elv på himmelen, der ho tonesette tolv dikt av Jon Fosse på oppdrag frå Det Norske Samlaget. Alle tekstane […]

Nært på – eit møte med stipendvinnaren 2020

Time: fredag, 3. september 2021 20:00 - 20:30 / Elvatun
Publikum får møte vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet 2020.
Konsert

Erlend Ropstad 2021

Time: fredag, 3. september 2021 22:00 - 23:00 / Kongressenteret (BKKS)
Insisterande, melodiøs og vilt feit rock på morsmålet er ord brukt for å skildre Erlend Ropstad sitt musikalske univers. Sørlendingen slo for alvor igjennom i 2017 med plata Alt som har hendt. Ropstad mottok Prøysenprisen i 2019, og hans nyaste plate Brenn siste brevet frå 2019 er nominert til Spellemannsprisen i kategorien rock.
04september laurdag
Øyvind Rimbereid og Kristin Berget
Litterær samtale

Hauge-samtalen

Time: laurdag, 4. september 2021 10:00 - 11:00 / Elvatun
I Hauge-samtalen 2021 møter forfattar Endre Ruset lyrikarane Øyvind Rimbereid og Kristin Berget til samtale om deira forhold til Olav H. Hauge og hans lyrikk.
Naboen min
Konsert

Naboen min

Time: laurdag, 4. september 2021 12:00 - 13:00 / Kongressen
Velkomen til ein sprudlande familiekonsert med bandet Naboen min! Her blir det songar om alt frå romvesen til kenguruar – og alle som vil, kan bli med på dansen! Naboen min er ein duo som består av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. For debutalbumet Rockesock (2018) vann dei Spellemannsprisen i kategorien […]