Poesifestivalen

3.-5. september 2021

Når

3.-5. september 2021

Kvar

Haugesenteret
Promenaden 7
5730 Ulvik

Smittevern under Poesifestivalen

Nynorsk kultursentrum arbeider for å ta vare på tryggleiken til gjester og tilsette under Poesifestivalen og vi følgjer dei nasjonale smittevernråda.

  • Hugs handvask/handspriting før, under og etter besøket på arenaene.
  • Hald minst ein meters avstand til andre på alle arrangement.
  • Alle arrangement har sitteplassar med ein meters avstand, vi oppmodar til å sitje i ro og ikkje flytte stolar. Hugs å halde meteren også i toalettkøen.
  • På dei arrangementa det er mogleg å bestille drikke gir du teikn til personalet så kjem dei til din plass.
  • Gjester som kjøper billett til arrangement må registrere seg med namn, e-postadresse og/eller telefonnummer for å sikre ev. smittesporing.
  • Personar som er smitta av korona, som sit i karantene, eller som har symptom på luftvegsinfeksjon (til dømes feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand), skal ikkje besøkje festivalen eller vere på arbeid.
  • Vi oppmodar alle gjester til å halde seg oppdaterte på gjeldande nasjonale råd og retningslinjer, då desse kan endre seg.

Poesifestivalen 2021

Poesifestivalen går av stabelen 3.-5. september 2021 i heimbygda til den store diktaren Olav H. Hauge. Festivalen blir arrangert for 11. gong, og har etablert seg som ein av dei leiande poesifestivalane her til lands. Gjestetala dei siste åra er på om lag 4 500, og festivalen nyttar fleire ulike arenaer i den vakre fruktbygda Ulvik inst i Hardangerfjorden. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar kjem også kjende og kjære songlyrikarar til festivalen i september.   

Tema for årets festival er Naturtap. I Olav H. Hauge sin poesi finn ein mange dikt som handlar om forholdet vårt til natur, og festivaltema spring ut frå eit dikt Hauge gav ut i 1980, Me trudde verdi her er til for oss

Olav H. og eg

I veka som leia fram til poesifestivalen fekk fire sjuandeklasser besøk av poet Endre Ruset med skriveverkstaden Olav H. og eg.

Les meir

Programendringar laurdag og sundag

Kristin Berget har diverre måtte melde avbod til Poesifestivalen. Dette fører til endring i enkelte programpostar laurdag 4. og søndag 5. september.

Les meir
04septemberlaurdag

UTSELD: Song, trø lett på hjarta mitt: Kari Bremnes i samtale med Kari Hesthamar

Time: laurdag, 4. september 202115:00 - 16:00 / Elvatun
Kari Bremnes er ein av landets fremste songlyrikarar. Tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og livsbeskrivande tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvend stemning. Som tekstforfattar går Bremnes ofte frå det ljose til det ganske så mørke og rå. Kva er startpunktet for Bremnes si skriving? Korleis arbeider ho med […]
04septemberlaurdag
Litterær samtale

UTSELD: Me trudde verdi her er til for oss

Time: laurdag, 4. september 202113:00 - 14:00 / Elvatun
Samtalen mellom Casper Andrè Lund, Kristin Berget og Live Lundh går no utan Kristin Berget. Temaet for årets festival er Naturtap. I Olav H. Hauges poesi finn ein mange dikt som handlar om forholdet vårt til naturen, og festivaltemaet spring ut frå eit dikt Hauge gav ut i 1980: «Me trudde verdi her er til for oss». […]
04septemberlaurdag
Konsert

UTSELD: Kari Bremnes 2021

Time: laurdag, 4. september 202122:00 - 23:00 / Kongressenteret (BKKS)
Kari Bremnes har gjennom 30 år etablert seg som ein av landets fremste songlyrikar. Tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og livsbeskrivande tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning. Det er fyrste gong Bremnes gjestar Ulvik og Poesifestivalen.
04septemberlaurdag
Litterær samtale

UTSELD: Hauge-samtalen

Time: laurdag, 4. september 202110:00 - 11:00 / Elvatun
Kristin Berget har meldt avbod til festivalen. Casper André Lugg kjem inn for Berget og samtalar med Øyvind Rimbereid.  Programleiar er Endre Ruset. I Hauge-samtalen 2021 møter forfattar Endre Ruset lyrikarane Øyvind Rimbereid og Casper André Lugg til samtale om deira forhold til Olav H. Hauge og hans lyrikk.