Ulvik poesifestival

Ulvik poesifestival

senteret

Ulvik poesifestival vart etablert i 2000 som eit samarbeid mellom Ulvik Herad, Venelaget og Olav H. Haugestiftinga. Frå og med 2000 har Ulvik poesifestival vore arrangert annakvart år til saman åtte gonger til og med 2014.

Frå 2014 er det Olav H. Hauge-senteret og Nynorsk kultursentrum som skal drifte festivalen. Ulvik poesifestival er bygd opp til ein festival med solid lokalt fotfeste og høg fagleg respekt. Hauge-senteret og Nynorsk kultursentrum vil gjere det som er mogleg for å ta vare på denne posisjonen og utvikle den vidare.

Med Olav H. Hauges forfattarskap som grunnlag skal Ulvik poesifestival fremje interesse for Hauges forfattarskap og lyrikk i mange former. Festivalen skal vere ein møteplass for innsikt, formidling og opplevingar som kan overraske og skape gjenkjenning. Festivalen vil og vere med å styrkje den litterære profilen til Hauge-senteret. Hauge-senteret og Nynorsk kultursentrum vil gjennom samarbeid med tilsette, frivillige og Ulvik Herad utvikle festivalen til å verte ein godt respektert festival for poesi og lyrikk.

Ulvik poesifestival presenterer eit mangfald av nasjonal og internasjonal poesi, både originalverk og gjendiktingar, gjennom arrangement på høgt kunstnarleg og fagleg nivå, med eit program der alle interesserte kan finne arrangement som høver. Festivalen gir rom for andre litterære sjangrar og kunstutrykk etter behov. Ulvik poesifestival har eit særleg ansvar for lyrikk i mange former på nynorsk og dialekt, og skal stimulere fleire til å bruke nynorsk som språk for diktekunst.

Neste festival er 7.-9 september 2018. Dagleg leiar ved Hauge-senteret, Geir S. Netland, er festivalleiar. Styret i Nynorsk kultursentrum har oppnemnd eit programråd for Ulvik poesifestival. Der sit Eirik Vassenden (professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen), Sindre Ekrheim (forfattar og bokmeldar), Endre Ruset (forfattar), Ruth Lillegraven (forfattar) og Brit Aksnes (frilansar). 

 

Tilskotsgivarar

Kulturdepartementet

Hordaland fylkeskommune

Ulvik herad

Fritt Ord

Sparebanken Vest

Samarbeidspartnarar

Aschehoug forlag

Avisa Hordaland

Brakanes hotell

Brakanes skule

Cappelen Damm

Den grøne kafé

Det Norske Samlaget

Det Norske Teatret

Drøs bakeri og kafé

Frukt- og siderruta

Gyldendal Norsk Forlag

Norsk Forfattarsentrum

Norsk kulturråd

Oktober forlag

Olav H. Hauge-stiftinga

Rossvoll v/ Stein Olav Kolås

Slow Food Hardanger

Tiden Norsk Forlag

Ulvik herad

Ulvik kyrkje

Ulvik næringslag

Venelaget Olav H. Hauge

Voss Lyd