Opningstider
PoesiverkstadenFoto: Ingvil Skeie Ljones

Opningstider

Olav H. Hauge-senteret har eigne opningstider under Ulvik poesifestival

Utstillinga i Hauge-senteret fortel om livet og diktinga til Olav H. Hauge og om lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser gjennom 4000 år. Lyrikkbiblioteket og Poesiverkstaden byd på underhaldning og inspirasjon.

Ferdaminne frå Troja til Vestlandet er ny temautstilling av året og syner poesien i utvalde reiseskildringar.

Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste. Katten til Hauge har gøymt seg fleire stader i utstillinga. Ved å følgje kattespora finn ungane katten og ny kunnskap.

Omvising kvar dag under festivalen kl. 12. Gratis inngang for festivalgjestene.

 

Olav H. Hauge-senteret

Informasjon, billettar, butikk og utstillingar

 

Torsdag 6. september10.00–17.00

Fredag 7. september10.00–20.00

Laurdag 8. september10.00–20.00

Søndag 9. september10.00–17.00

 

Gratis omvising kl 12.00 kvar dag. 

 

Festivalkro på Elvatun

 

Fredag 7. september   16.00-02.00 (mat til kl. 22.00) 

Laurdag 8. september16.00-02.00 (mat til kl. 22.00)

Søndag 9. september 12.00-14.30